Historisk arkiv

Problem med utsending av valmateriell til skip i utanriksfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 109/1999
Dato: 02.09.1999

Problem med utsending av valmateriell til skip i utanriksfart

På grunn av ei mistyding mellom Kommunal- og regionaldepartementet og firmaet som sender ut valmateriell utanriks, blei ikkje valmateriellet til båtar registrerte i NIS og NOR sendt ut etter planen.

Straks departementet blei merksam på dette, blei det utarbeidd ei rettleiing som forklarer korleis røystmottakarar ombord på desse skipa kan gjennomføre røystinga utan det offisielle valmateriellet.

Valmateriellet skulle opphavleg ha vore sendt ut til skip registrerte i NIS (Norsk internasjonalt skipsregister) og NOR (Norsk organisert skipsregister) i slutten av mai. Då det viste seg at dette ikkje hadde blitt gjort, og det ville vere vanskeleg å få slikt materiell ut til skipa i tide, laga departementet ei rettleiing som forklarer korleis ein kan røyste utan det offisielle valmateriellet. Rettleiinga blei distribuert til skipa via reiarlaga.

Vallova krev ikkje at det offisielle valmateriellet skal nyttast ved utanriks røysting. Dersom ein ikkje har dei offisielle røystesetlane, kan ein ved kommunestyrevalet ta eit kvitt ark og skrive namnet på det partiet eller den lista ein vil røyste på. Det same gjeld ved fylkestingsvalet, men her bør arket vere blått. Dersom det ikkje er mogleg å bruke blått ark ved røystinga til fylkestingsvalet, kan ein bruke kvitt ark. Ein må i tilfelle merkje denne røystesetelen med "fylkestingsval" slik at det går fram av setelen at han gjeld fylkestingsvalet.

I staden for den offisielle røystesetelkonvolutten departementet har laga, kan ein bruke ein vanleg konvolutt. Konvolutten kan brukast same kva farge han har, men konvolutten må ikkje vere gjennomsynleg. Konvolutten må heller ikkje ha påsett merke slik at det går fram kven veljaren er. I staden for den offisielle omslagskonvolutten, kan ein bruke ein vanleg konvolutt, men det er viktig at alle dei opplysingane som vallova krev, er påførte.

Røyster frå veljarar utanriks som ikkje har brukt det offisielle valmateriellet, skal vurderast på lik linje med andre førehandsrøystingar.

Departementet seier seg lei for det som har skjedd, men meiner likevel det er fullt mogleg for dei ombord på desse skipa å førehandsrøyste. Departementet minner òg om at det er mogleg å førehandsrøyste på dei fleste utanriksstasjonar.

Lagt inn 2. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen