Historisk arkiv

Røysterett for statsborgarar frå Norden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

17/1999
01.03.1999

Røysterett for statsborgarar frå Norden

Kongen i Statsråd har i dag vedteke å fremje Ot prp nr 37 (1998-99) om endringar i vallova.

Ein av endringane er at statsborgarar frå andre nordiske land (Sverige, Danmark, Finland og Island), får røysterett ved valet til kommunestyre og fylkesting med ein gong dei busetter seg i Noreg. Føresetnaden er at dei elles fyller dei vilkåra som gjeld for norske borgare. For å nytte røysteretten må dei være ført inn i norsk folkeregister som busett i Noreg den 31. mars i valåret.

Vidare skal ein større gruppe av dei nordmenn som bur i utlandet automatisk førast inn i manntalet. Søknadsfristen for andre endrast til 14 dagar før valdagen.

Listekandidatar som vil få uforholdsmessige vanskar eller belastning med å skjøtte sine pliktar i vervet gis rett til fritak frå å stå på liste til valet til kommunestyre eller fylkesting.

Statens postselskap får etter dei foreslåtte endringane, fleire oppgåver med førebuinga til førehandsrøystinga. Statens postselskap skal handsama søknader om å få røysta heime. Det skal òg avgjere, etter forslag frå kommunane, når og på kva for institusjonar det skal motta førehandsrøyster, og informerer om dette på dei enkelte institusjonane.

Om ein veljar røyster på førehand fleire gonger, blir alle røystene forkasta etter gjeldande lovgjeving. Etter dei foreslåtte endringane i vallova, vil den første førehandsrøysta godkjennast.

Lagt inn 1. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen