Historisk arkiv

Slaget om ungdommane til distrikta står no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 103/1999
Dato: 25.08.1999

Slaget om ungdommane til distrikta står no

Skulen og næringslivet på same lag:

Den første av ein serie erfaringskonferansar i Kommunal- og regionaldepartementet si distriktspolitiske utkantsatsing, med ungdom og kvinner som viktige målgrupper, går av stabelen på Gaustablikk Høyfjellshotell i Tinn frå 31. august til 1. september.

– Det er no slaget om ungdomen står. Vi lever midt i ein historisk periode der utfordringane står i kø, og der vi er avhengige av at vi møter desse utfordringane på ein god måte, seier statssekretær Olav Ulleren.

Konferansen skal vere med på å vidareføre dialogen mellom skule, privat næringsliv, offentleg forvaltning, ungdom og kvinner. Satsinga rettar seg særleg mot kommunar i distrikta som opplever nedgang i folketalet.

Motstrategiar

Kommunal- og regionaldepartementet har starta ein offensiv for å rette opp den negative utviklinga. Ungdommar i pilotkommunar/-region blir mobiliserte som rådgjevarar for kommunar, fylkeskommunar og departement. Departementa har også sett i gang opplæring av positivitetsagentar i 62 kommunar. Positivitetsagenten skal vere eit bindeledd mellom ungdom og kommunal forvalting. Fleire stader har resultata teke til å vise seg.

Statssekretær Ulleren vil at unge menneske skal lærast opp til å skape eigne arbeidsplassar gjennom eit samarbeid mellom skulen og næringslivet. Difor blir det satsa på Distriktsaktiv skule der det blir utvikla elevbedrifter og ungdomsbedrifter.

Ulleren opnar konferansen med å sjå korleis ungdom kan bu og arbeide i distrikta.

Spennande program

Fylkesmann Tora Aasland i Rogaland vil vise korleis eit tett samarbeid mellom skule og næringsliv kan føre til ei positiv utvikling. Direktør Jan Løkling i Norsk Hydro vil fortelje om dei utfordringane bedrifter i distrikta møter når dei prøver å få til det.

Andreas Hompland avsluttar foredragssekvensen med kåseriet ”Dæ va her eg høyrte te”.

Deretter blir nokre av tiltaka som er i gang presenterte, så som utkantkommunesatsinga i Vågå, IT-byen Steinkjer, og samarbeidet mellom skule og arbeidsliv i Telemark. Siste dagen startar med at skodespelar Jakob Margido Esp spør: ”Hvorfor skal vi slite med bosetting nord for Alnabru og sør for Aker Brygge?”

Priv. til red.:

Konferansen er open for pressa, som med dette blir invitert.

Av omsyn til det praktiske opplegget (måltid og overnatting), ville det vere bra om ein kunne melde frå om deltaking innan fredag 27. august til Sissel Mossing, Informasjonseininga, tlf. 22 24 68 21.

Lagt inn 25. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen