Historisk arkiv

Tap i EFTA-domstolen skal ikkje svekke distriktspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.:

Nr: 57/1999
Dato: 20.05.1999

Tap i EFTA-domstolen skal ikkje svekke distriktspolitikken

EFTA-domstolen stadfesta i dag ESA (EFTA sitt overvåkningsorgan) si avgjerd om at Noreg ut frå EØS-avtalen pliktar å gjere endringar i den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta. Det vert sett i verk tiltak slik at den samla distriktspolitiske innsatsen ikkje vil blir svekka som følgje av tapet i EFTA-domstolen. Minst 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vil også etter EFTA-domstolen si avgjerd kunne førast vidare.

- Eg er skuffa, men må ta EFTA-domstolen si avgjerd til etterretning, seier Kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen, men den totale innsatsen overfor distrikta skal ikkje reduserast som følgje av EFTA-domstolen sitt vedtak, seier kommunalministeren vidare. Departementa vil framover arbeide med å kartleggje dei nærmare konsekvensane av dette vedtaket. Det er mellom anna nødvendig å føre ein dialog med ESA for å få endeleg avklart kva for sektorar ESA sitt vedtak omfattar. Dei tiltak som blir iverksett må ta omsyn til statsstøttereglane i EØS-avtalen. Det er allereie klarlagt at verftsnæringa vil bli ramma av dette vedtaket. Det vil difor bli sett i verk tiltak retta mot verftsnæringa i distrikta.

Regjeringa vil utarbeide reglar som tar omsyn til EFTA-domstolen si avgjerd. Dei nye reglane bli lagt fram for Stortinget så raskt som mogleg.

ESA fatta 2 juli 1998 sitt endelege vedtak i saka om den geografisk differensierte arbeidsgjevaravgifta. Vedtaket gjekk ut på at hovudtrekka i den differensierte arbeidsgjevaravgifta vil kunne oppretthaldast, men at Noreg måtte gjere nokre endringar for at reglane ikkje skal bli råka av reglane om statsstøtte i EØS-avtalen. Noreg fremma saka for EFTA-domstolen 2 september 1998.

EFTA domstolen stadfestar ESA sitt vedtak om at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift fell inn under artikkel 61 i EØS-avtalen. Minst 95 prosent av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vil også etter EFTA-domstolen si avgjerd kunne førast vidare. Satsen for arbeidsgjevaravgift varierer frå 0 til 14,1 prosent etter kvar arbeidstakar er busett. Endringane går ut på at føretak innan enkelte næringar vil måtte betale avgift etter høgste sats for alle arbeidstakarane utan omsyn til kvar dei er busett. Avgjerda får verknad for deler av skipsbyggingsnæringa, vasskraftforsyninga, petroleumsverksemd, og telekommunikasjonsbedrifter, enkelte typar bergverk og stålproduksjon, føretak med meir enn 50 årsverk som driv godstransport på veg og finansielle føretak som driv internasjonale verksemd. Anna verksemd i område med lågare sats får ingen auke i arbeidsgjevaravgifta.

Lagt inn 21. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen