Historisk arkiv

Utgreiing om nytt system for lønnsoppgjøra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 5
Dato: 4. oktober 1999

Utgreiing om nytt system for lønnsoppgjøra

Korleis vil systemet for lønnsoppgjør sjå ut i framtida? Det kan vi få svar på når utvalet for tarifforhandlings-systemet kjem med innstillinga si neste år. Utvalet blei sett ned vinteren 1999.

- Utvalet skal analysere korleis forhandlingssystemet og regelverket omkring lønnsforhandlingane fungerer. Dersom utvalet avdekkjer veikskapar, skal det kome med forslag til betringar, seier kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen.

Bakgrunnen for utvalet er dels den debatten som har vore etter at Arbeidsrettsrådet la fram si innstilling om prinsipp for ny arbeidstvistlov i 1996, og dels debatten omkring lønnsoppgjeret i 1998. Mange har hevda at det er behov for å fornye systemet for lønnsforhandlingar, men det er høgst ulike syn på kva som er gale og kva som bør gjerast. Før ein tek stilling til endringar, trengst betre kunnskap om korleis dagens system fungerer.

Leiar i utvalet er formannen i Trygderetten, Ingse Stabel. I tillegg har utvalet eit nøytralt medlem og representantar frå dei sentrale organisasjonane i arbeidslivet.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen