Historisk arkiv

Nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg: godt skussmål frå bedriftene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 11/2000
Dato: 23.02.2000

Nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg:

Godt skussmål frå bedriftene

Bedriftene er gjennomgåande svært nøgde med Nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg (NT-programmet), syner ein ny evalueringsrapport. Programmet har vore med og styrkt utviklingskapasiteten i bedriftene og har også spelt ei viktig rolle når det gjeld å knyte kontakt og samarbeid mellom bedrifter og mellom bedrifter og institusjonar.

- I samarbeid med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vurderer Kommunal- og regionaldepartementet no rapporten. I april vil ein truleg ha kome så langt at det kan seiast noko meir om korleis satsinga skal følgjast opp etter at denne programperioden går ut etter år 2000, opplyser statssekretær Olav Ulleren.

I evalueringsrapporten blir det uttala at dei gode resultata som er nådd mellom anna kjem av den dynamiske arbeidsforma som er i sekretariat i Tromsø, den gode evna til å følgje opp dei prosjekta som får støtte, og at satsinga er retta inn mot prosjekta på eit tidleg stadium i utviklinga.

- Sjølv om mykje er nådd, er det framleis alarmerande lite forsking og utvikling i næringslivet i landsdelen, seier statssekretær Ulleren. - Dei siste åra har vi prioritert sterkare teknologiprosjekt. Vi har òg i større grad lagt vekt på å rette innsatsen mot nyetablerarar. Bedrifter med færre enn fem tilsette får no 47 prosent av støttemidlane.

NT-programmet blei etablert i 1987 som ei oppfølging av forskings- og utviklingsplanen for Nord-Noreg. Målet har vore å styrkje FoU-innsatsen i nordnorske bedrifter og å byggje bru mellom FoU-miljøa og bedriftene. Tredje programperioden går ut i år. Evalueringa er tenkt brukt som eit grunnlag for å vurdere korleis satsinga skal følgjast opp etter at denne perioden er over.

Evalueringsrapporten i PDF-format. Les mer om dokumentformatet her.