Historisk arkiv

Kommunenes betydning for velferdstenester og busettingsmø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunenes betydning for velferdstenester og busettingsmønster

Statssekretær Olav Ulleren

Kommunenes betydning for velferdstenester og busettingsmønster

Trondheim 18. august 1999

Godtfolk.

Dette er ein konferanse der kommunalministeren svært gjerne skulle vore tilstades sjølv. Odd Roger Enoksen bad meg bera fram hans varme helsing til konferansen og arrangøren. At han ikkje sjølv styrer sin arbeidsdag heilt fritt, bed han om at det er ei viss forståing for i desse tider.

Kommunekreditt er ein av dei yngste kredittinstitusjonane her til lands. I sitt korte og turbulente liv hittil har institusjonen fått rikeleg høve til å vise at den har livets rett. I ettertid kan ein undrast litt over at det skulle bli akkurat Norgeskreditt som bar fram eit slikt dotterselskap så seint som i 1993. Då Norgeskreditt gjekk inn i Kreditkassens storfamilie i 1996, vart Kommunekreditt automatisk med på lasset, utan heilt å finne seg til rette med det. Eksportfinans kom beleilig til unnsetning i år, etter at Stortinget samrøystes godkjende adopsjonen. Og i dag er vi samla her for å markere at gaukungen Kommunekreditt flytter ut av reiret for å stå meir på eigne føter.

I ein alder av 6 år er Kommunekreditt neppe fullvaksen, jamvel om veksten har skjedd raskt. Alt tyder på at det finst eit grunnlag for vidare vekst i ein nisje der det er heller få spesialiserte aktørar. For ein gamalordførar som meg er det ikkje fyrst og fremst konkurransetilhøva kredittinstitusjonar imellom som er interessant, men derimot at det no finst ein institusjon som står fram som eit godt supplement til Kommunalbanken.

Det gjer sitt til å forsterke interessa at Kommunekreditt no flytter frå Oslo til Trondheim. Eg skal ikkje gå inn på den striden som har stått rundt eigarskapstilhøve og utlokalisering. Det er sluttresultatet som tel. Og slik vi må sjå det i dag, ligg svært mykje til rette for at Kommunekreditt kan nå dei måla institusjonen har sett seg for dei næraste åra, og at flyttinga til Trondheim er eit bidrag i så måte. Sikkert er det at flyttinga er goodwill-skapande langt inn i den kundegruppa Kommunekreditt vender seg til.

I Stortinget og Regjeringa er interessa for denne utflyttinga stor, fordi initiativet kom frå Kommunekreditt sjølv, og fordi denne flyttesaka har lært oss litt om motkrefter. Politisk blir det vurdert som svært positivt at Kommunekreditt på denne måten er med på å utvikle eit tyngre kapitalmiljø i Midt-Norge. Dette fell godt saman med uttrykte

ønske frå Regjeringa, og det har også god ryggdekning i Stortinget. Eg kjenner meg trygg på at Trondheim og Trøndelag vil ta vel imot Kommunekreditt, og at Kommunekreditt vil stå fram som ein gradvis meir betydningsfull kredittinstitusjon, med eit tenestetilbod som kommunane ønskjer å gjera bruk av.

------------

Så langt frå mi side om sjølve årsaken til at denne konferansen blir halden. Eg skal frå no av ta for meg det temaet arrangøren har bede meg drøfte, og som står heilt sentralt i kvar enkelt kommunes kvardag - velferdstenester og busettingsmønster. Om vinklinga mi blir slik de ventar det, får vise seg.

Vi er alle i større eller mindre grad brukarar av kommunale tenester. Kravet til desse tenestene er aukande. På ein del område bør kvaliteten bli betre, og Regjeringa vil gjera sitt for å leggje tilhøva til rette. Men også omfanget av tenester vil truleg auke. Det kjem dels som følgje av politiske vedtak, men dels også fordi det skjer endringar i befolkningsstruktur, familietilhøve m.v. Handlingsplanen for betre eldreomsorg kjem såleis i tillegg til at det blir stadig fleire som etterspør eldreomsorg.

Regjeringa har som utgangspunkt at eit levande, desentralisert folkestyre med brei deltaking er ein føresetnad for å møte dei store utfordringane samfunnet står overfor. Det er gjennom folkeleg engasjement og folkevald styring vi best kan løyse miljøproblem, sikre gode oppvekstvilkår, få fleire i arbeid og syte for ei betre fordeling mellom ulike grupper og regionar i landet vårt. I dag ser vi at styringsmakt gradvis glir over til marknader, til kapitalsterke personar og grupperingar og til organisasjonar som ikkje står til ansvar overfor folket i val. Dette er ei utvikling den politiske leiinga i Kommunaldepartementet fylgjer svært nøye, og som det vil vera ei viktig politisk oppgåve å korrigere, slik at vårt demokrati og framover får eit reelt innhald.

I dei seinare åra har vi fått signal om at det kanskje ikkje står så bra til med lokaldemokratiet, at det jamvel blir hevda å vera inne i ei krise. Eit signal er at færre møter fram ved val, eit anna forhold er vanskane med rekrutteringa til folkevalde verv og stor utskifting av personar ved kvart val. Dette er ting Regjeringa tek alvorleg, og eit breitt samansett utval har fått i mandat å sjå nærmare på vallova og vurdere tiltak for å få opp att interessa for val.

I den kommunale kvardagen er det likevel kanskje anna som tel meir.

Kommunelova er eit verktøy som fastset rammene for verksemda i kommunane, og som gjev etter måten stort armslag for tilpasning etter lokale tilhøve. Mitt inntrykk er at det ikkje trengst vesentlege endringar i kommunelova, og eg trur at kommunane deler dette synet.

Den kommunale tenesteytinga er regulert meir på detaljnivå gjennom anna lovverk, dei såkalla særlovene. Regjeringa meiner at omfanget av detaljregulering bør reduserast monaleg, m.a. gjennom forenkling og fjerning av lover og reglar. For at det lokale folkestyret skal ha eit reelt innhald, må kommunane ha høve til å velja ulike løysingar ut frå lokale føresetnader og behov.

Regjeringa er sterkt oppteken av at dei økonomiske rammevilkåra må vera på plass for at det lokale folkestyret skal fungere. Den kommunale økonomien vil nok alltid vera under sterkt press, ettersom det ikkje finst klåre grenser for dei oppgåvene kommunar kan koma til å engasjere seg i. Vi er inne i ein lengre periode med årleg vekst i dei kommunale inntektene. Det har i seg sjølv ikkje redusert presset på den kommunale økonomien. Dette heng saman med at kommunane er blitt tillagt nye oppgåver, samstundes med at nye kvalitetskrav knytt til etablerte oppgaver dreg med seg tilleggsutgifter. Når dei økonomiske rammene aukar, ser vi at krav og forventningar ikkje er seine med å bli tilsvarande oppjusterte.

Dette kan vi lesa ut av kommunerekneskapane. Dei siste åra har underskota berre auka. I slike situasjonar blir det ofte spørsmål om skyld og ansvar, og tillit kan lett bli avløyst av mistillit. Lat meg seia at eg med min bakgrunn ikkje høyrer med blant dei som forklarar underskot med kommunal ansvarsløyse, dyre kulturbygg, idrettsanlegg og rådhus. Eg har tillit til at lokalpolitikarane har minst like stor ansvarskjensle som stortingsmiljøet når det gjeld å prioritere grunnleggjande velferdsbehov.

For å redusere misforholdet mellom statlege forventningar og den kommunale realitet, tar Regjeringa no initiativ til å etablere ein konsultasjonsordning mellom Staten og kommunesektoren, representert ved Kommunenes sentralforbund. Siktemålet er at denne ordninga langt på veg skal bli forpliktande.Modellen vert lagt fram i samband med kommuneøkonomiproposisjonen neste vår.

Målet for Regjeringa er å gje kommunane slike økonomiske rammer at det kan drivast langsiktig planlegging og planmessig gjennomføring av den tenesteytinga kommunane skal skjøtte. Vi ønskjer at det skal vera meiningsfyllt å vera lokalpolitikar. Vi ønskjer å styrke tilliten til det lokale folkestyret.

Regjeringa ønskjer ein sterk offentleg sektor, først og fremst fordi det tener brukarinteresser og vil vera motvekt til tradisjonelle marknadskrefter. Både næringslivet og innbyggjarane vil vera tente med at kommunane fungerer godt. Ein sterk offentleg sektor er også eit av verkemidla for å realisere så vel sentrale som regionale og lokale mål. Helsevesen, omsorgssektoren, skolen m.v. er grunnleggjande velferdsområde der alle har krav på fullverdige tilbod, - uavhengig av bustad og kor tjukk lommebok dei har. Ein sterk offentleg sektor kan bidra til å oppretthalde spreidd busetjing, som er eit sentralt mål for Regjeringa. Det er viktig at kommunar over heile landet er i stand til å gje gode tilbod, som gjer valfridomen til å busetje seg kvar ein vil reell.

Skal vi lykkast med det som er ein av denne regjeringa sine hovudmål,- ei grunnleggjande snuoperasjon i flyttemønsteret, er kommunesektoren heilt sentrale aktørar. Utan kommune-Norges evne og vilje til å forvalte ein politikk der ein ivaretek det moderne menneske sitt behov for velferds- og trivselstilbod er denne kampen tapt, uansett fine politiske målsettingar og kreative statlege prosjekt. Vi veit at distrikta sin kamp for å hevde seg i framtida dreiar seg om korvidt dei kan framstå som attraktive bustader, ikkje minst for yngre personar med høg utdanning og kompetanse. Dei kommunale tenestetilboda spelar i denne samanhengen ei svært sentral rolle,- stikkord barnehagetilbod og skulekvalitet. I tillegg til dei meir lovpålagte oppgåvene er det, ikkje minst i dei mindre kommunane avgjerande at ein har økonomiske og personellmesssige ressursar til drive utviklingsretta arbeid, både innan kultur, stadutvikling og næring. Kommunalministeren har i sin distriktspolitiske utgreiing for Stortinget lagt stor vekt på dei personretta tiltaka i distriktspolitikken, m.a. retta mot målgruppene ungdom og kvinner. Dei statlege verkemidla som er igongsett i den samanheng, krev at kommunane er istand til å gjennomføre og vidareutvikle ein politikk på desse områda.

I debatten om auka kommunalt og regionalt sjølvstyre, sovel som i prosessen med å forenkle regelverket mellom Stat og kommune, som er eit sentralt tema i prosjektet ”Eit enklare Noreg” blir vi til stadighet konfrontert med det dilemmaet som ligg i den høgverdige norske tanken om likskap,- i denne samanheng likskap i tenestetilbod uavhengig av geografi og sosial status. Dette omgrepet må nok i alle høve omdefinerast til likeverdig.Med det meiner eg ikkje at tilboda skal vera dei same frå kommune til kommune landet over, heller ikkje at kommunane skal pressast til å organisere si tenesteyting på ein bestemt måte.

Dette er problemstillingar som statsråd Ragnhild Queseth Haarstad la fram for Stortinget i full breidde våren 1998.

Ho tok då til orde for at vi må godta ulike prioriteringar og ulike tenestetilbod frå kommune til kommune. Dette må vi godta jamvel når det gir prioriteringar som ikkje heilt samsvarar med nasjonale mål på enkeltsektorar, fordi det kan føre til at det samla tenestetilbodet blir mest likeverdig nettopp når kommunane står friare til å prioritere og organisere.

Ho tok vidare til orde for eit kraftig redusert omfang av øyremerkte tilskot, og grunnga dette på ein måte som fekk full tilslutning frå Stortinget. Ho peika m.a. på at ein konsekvens av å bruke øyremerkte tilskot overfor kommunane lett blir ein uheldig bruk av samfunnets ressursar, og i tillegg har klåre negative følgjer for det lokale sjølvstyret.

Med den tilslutninga desse tankane fekk i Stortinget er Regjeringa forplikta til å følgje opp. Det skjer m.a. ved at ein del utvalde kommunar no prøver ut ei ordning der øyremerkte tilskot blir tildelte som rammetilskot. Dette forsøket bør gje oss kunnskap om prioriteringar og vitalisering i forsøkskommunane jamført med andre kommunar. Interessa frå kommunane si side for å koma med i forsøket var stor, noko som for så vidt stadfester at dei tankane den førre kommunalministeren bar fram for Stortinget fell i god jord i kommunane. Som tidlegare ordførar er eg ikkje akkurat overraska over det.

Tilbake til dei politiske målsettingane knytt til busettingsmønster og utvikling av distrikta, er det nettopp det store mangfald og den rikdom av naturlege og mennesklege ressursar som gjer at distrikta har ei avgjerande rolle i utviklinga av ein framtidig oljeuavhengig økonomi. Skal desse ressursane utløysast må regionane og lokalsamfunna gjevast større fridom i korleis ein på tvers av tradisjonelle grenser skal organisere arbeidet for auka verdiskaping. Vi har langt att for at den lokale handlefridomen er så god at vi kan seie at vi har eit optimalt system, men viktige skritt er tekne og vil bli tatt, m.a. gjennom dei regionale utviklingsprogramma og arbeidet med å rydde opp i ansvarsdelinga mellom statleg regional og lokal sektor og fylkeskommune-kommune.

Ei viktig drivkraft i dette arbeidet er også å frigjera ressursar frå tilsyns- og kontrollverksemd over til tenesteuting for befolkninga, og å fjerne dobbeltarbeid

Når det så gjeld måten å organisere tenesteytinga på, veit vi at mange kommunar er inne på tanken om konkurranseutsetjing. Gjennom konkurranseutsetjing er det mogleg å overlate det som normalt har vore sett på som offentleg tenesteproduksjon til private aktørar. Om det er tenleg eller fornuftig er ei sak for seg. Her vil vurderingane måtte bli ulike frå kommune til kommune.

Etterkvart som ein langt på veg har jamna ut dei økonomiske rammevilkåra mellom kommunane, er det blitt meir synbart at visse delar av den kommunale organiseringa ikkje har vore effektiv nok. Dette er noko av årsaken til at ønsket om konkurranseutsetjing har kome på dagsorden, særleg i dei større kommunane. Kravet til kommunane om å finne fram til gode og effektive måtar å løyse oppgåvene på er blitt skjerpa, ikkje minst i kommunar som tidlegare hadde ein meir romsleg økonomi enn dei fleste.

Det skal ikkje stikkast under ein stol at det parti eg tilhøyrer er grunnleggjande skeptisk til omfattande konkurranseutsetjing med påfylgjande privatisering av kommunale kjerneoppgåver knytt til folks velferd. Dette er likevel ein debatt som eg meiner må førast på kommunenivå, og på kommunepolitikarane sine premissar. Som statssekretær i Kommunaldepartementet bør respekten for det kommunale sjølvstyre vera sterkare enn lysta til å fortelje norske kommunar korleis dei skal organisere seg, så lenge grunnleggjande kvalitetskrav og individuelle rettar vert ivareteke. Difor må kommunane i alle høve inngå avtaler som sikrar kvalitetsarbeid, og som dei kan koma seg greitt ut av når det likevel viser seg nødvendig. Dette har vore vanskeleg nok med den oppdragsmengda kommunane hittil har hatt å handtere.

Eg kjenner meg trygg på at kommunane kvar for seg må kunna vurdere kva veg dei bør gå når slike spørsmål melder seg, - og at dei kvar for seg også må løyse dei vanskane som melder seg for dei. Råd og hjelp kan dei ofte få frå andre kommunar , og iblant frå det statlege apparatet som er bygd opp på fylkesnivået. Men ansvaret kan dei ikkje dele med nokon, og difor seier det seg sjølv at dei og fritt må kunne velja sine rådgjevarar.

I dette spørsmålet, som gjeld organisering av tenester i kommunal regi eller alternativt å betale andre for å yte tenestene, er det like galt med statleg overstyring som på dei fleste andre område. Det er det viktig at vi minner kvarandre om.

Likevel vil det og framover vera ei viktig forutsetning frå statleg hald at kommunane har ei dynamisk haldning til korleis ein disponerer sine ressursar med sikte på best mogeleg kostnadseffektivitet. I motsetning til tidlegare tider vil kommune-Noreg framover stå overfor eit kontinuerleg omstillingskrav. Eg meiner likevel det er ei avsporing å kun tenkje privatisering og konkurranseutsetting i den samanheng. Kravet til effektivisering vil truleg vera eit viktig drøftingstema i samband med den omtale konsultasjonsordninga vi har under utvikling.

Eg håpar at eg gjennom dette innlegget har klart å godtgjera den heilt avgjerande rolla kommune-Noreg har i å forvalte og utvikle den nasjonale politikken på over eit svært breidt spekter av oppgåver, og at ikkje minst utfordringane står i kø for det folkestyrte Noreg. Gode bankforbindelsar er ein viktig reidskap i ein slik situasjon. Eg ønskjer Kommunekreditt lykke til i Trondheim, med ei fortsatt solid og kredittverdig kundemasse. Eg ønskjer Trondheim til lykke med Kommunekreditt.

Oppdatert 23. august 1999 av linkdoc099005-992460#docStatens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen