Rundskriv F-099-98
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Ikraftsetjing av opplæringslova (15.12.98)
Rundskriv | Dato: 15.12.1998
Rundskriv F-099-98 |
Saksnr. 98/11111 |
15.12.1998 |
Vedlegg F-96-98 |
Fylkeskommunane Kommunane Kommunenes Sentralforbund Lærarorganisasjonane Statens utdanningskontor Studieforbund Fjernundervisningsinstitusjonar Folkehøgskolar VoFo NFF SRV NFU NLS |
Ikraftsetjing av opplæringslova
Ved kongeleg resolusjon 17. juli 1998 vart stortingsvedtaket til lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) sanksjonert. Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i kraft til ulik tid.
Ved kongeleg resolusjon 27. november 1998 vart det bestemt at opplæringslova trer i kraft 1. august 1999, med nokre unntak, sjå rundskriv F-96-98.
Samtidig som opplæringslova trer i kraft vert deler av lov om voksenopplæring (vol) oppheva. Ny § 2 tredje ledd i vol viser til opplæringslova når det gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne. Lov om voksenopplæring vil framleis vere eigen lov som gjeld også etter at opplæringslova trer i kraft.
Med vennleg helsing
Olav Vaagland fung ekspedisjonssjef |
Torunn Westli underdirektør |