Rundskriv F-096-98
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Ikraftsetjing av opplæringslova (30.11.98)
Rundskriv | Dato: 01.12.1998
Rundskriv F-096-98 | Saksnr. 98/11111 | 30.11.1998 |
Fylkeskommunane Kommunane Kommunenes Sentralforbund Lærarorganisasjonane Privatskoleforbunda Statens utdanningskontor |
Ikraftsetjing av opplæringslova
Ved kongeleg resolusjon 17. juli 1998 blei stortingsvedtaket til lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) sanksjonert. Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk til ulik tid.
Ved kongeleg resolusjon 27. november 1998 blei det bestemt at opplæringslova trer i kraft 1. august 1999, med følgjande unntak:
Lova trer i kraft straks for enkeltvedtak og forskrifter som fastset rettar og plikter for elevane/lærlingane frå og med skoleåret 1999-2000. Dette gjeld både dei materielle reglane i lova og saksbehandlingsreglane i lova. Reglane om statleg klageinstans i lova § 15-2 gjeld for slike vedtak. For inntak til vidaregåande opplæring skoleåret 1999-2000 gjeld også forskrift 10. november 1993 nr 1164 om inntak til videregående opplæring og formidling av lærlinger til lærebedrift, forutan forskrifta § 11-5, fram til 1. august 1999.
Lova § 6-4, som gir Sametinget mynde til å fastsetje delar av læreplanverket for grunnskolen (L97 og L97S) og delar av læreplanane for vidaregåande opplæring, trer i kraft 1. august 1999, men likevel slik at gjeldande læreplanverk for grunnskolen (L97 og L97S) og gjeldande læreplanar for vidaregåande opplæring blir vidareførte fram til Sametinget har vedteke nytt.
Lova § 10-6 om mellombels tilsetjing trer i kraft straks.
Lova § 16-4 nr. 4 gjeld endringar i arbeidsmiljølova. Endringane opphevar delar av lovvedtak 30.04.1998 om endringar i arbeidsmiljølova. Det må fremjast ei eiga lovsak til Stortinget om dette. Lova § 16-4 nr. 4 blir derfor ikkje sett i kraft.
Med vennleg helsing
Hanna Marit Jahr
ekspedisjonssjef | Ole Briseid
ekspedisjonssjef |