Historisk arkiv

Rundskriv F-001-99

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Retningslinjer for vurdering i kroppsøving. (04.01.99) Dette rundskrivet skal erstatte rundskriv F-005-98 og rundskriv F-133-97

Rundskriv F-001-99

Saksnummer 98/4538

04.01.1999

Dette rundskrivet skal erstatte rundskriv F-005-98 og rundskriv F-133-97

Stikkord: Kroppsøving-felles allment fag - Vurdering

Fylkeskommunane Fylkeskommunale vidaregåande skolar Private vidaregåande skolar Statlege vidaregåande skolar Styret for dei samiske vidaregåande skolane Samisk utdanningsråd Høgskolane og universiteta Private høgskolar Elevorganisasjonane Lærarorganisasjonane Næringslivets Hovedorganisasjon Landsorganisasjonen i Norge Kommunenes Sentralforbund Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon Opplæringsrådet for handels- og kontorfag Den norske forleggerforening Rådet for fagopplæring i arbeidslivet Statens utdanningskontor Nasjonalt Læremiddelsenter Samordna opptak

Retningslinjer for vurdering i kroppsøving

Som ei mellombels løysing ved eksamen våren 1998 vart det mogeleg å betre ein bestått karakter i kroppsøving. Privatistar som ville betre karakteren i kroppsøving, måtte prøvast både i den praktiske og i den teoretiske delen av eksamen. Denne ordninga skal halde fram. Rundskriv F-133-98 og F-5-98 vert med dette oppheva.

Følgjande retningslinjer for vurdering i kroppsøving tek til å gjelde straks:

Kroppsøving er eit fag på linje med alle andre fag i den vidaregåande opplæringa. Av praktiske omsyn avvik dette faget frå andre fag når det gjeld eksamen, og departementet har vedteke følgjande retningsliner for vurdering i kroppsøving:

  1. Elevar i ordinær opplæring får standpunktkarakter og kan ikkje trekkjast ut til eksamen. (Jf. vedlegg 2 til læreplanen).
  2. Elevar som får 0 eller 1 i standpunktkarakter, har etter forskrift 26.06.95 nr 676 om eksamen, fag-/svenneprøve, vurdering, dokumentasjon og klage over karakterer og prøvebedømmelse i videregående opplæring (vurderingsforskriften) § 4-4 bokstav c) rett til å gå opp til særskild eksamen i faget. For faget kroppsøving vil dette være ei prøve som omfattar både teori og praktiske øvingar. Karakteren skal førast som eksamenskarakter og i merknadsrubrikken skal det stå ”særskild eksamen” .
  3. I medhald av § 9-2 i vurderingsforskrifta har departementet bestemt at reglane om særskilt eksamen i § 4-4 bokstav c) også skal gjelde for elevar som på grunn av stort fråvær i skoleåret, eller av andre grunnar, ikkje har fått standpunktkarakter i kroppsøving. Desse elevane får høve til å ta ei prøve som omfattar både teori og praktiske øvingar. Når det gjeld tidspunktet for slik eksamen, viser ein til § 4-6 tredje ledd.
  4. Det er høve til å gå opp til eksamen i kroppsøving som privatist for å forbetre allereie oppnådd bestått karakter. Forbetringsprivatistar må prøvast både i den praktiske og i den teoretiske delen av kroppsøvingsfaget.
  5. Privatistar som tek eksamen i kroppsøving første gong (førstegongsprivatist), skal vurderast berre i teori. Det er ikkje høve for elevar/delkurselevar til å avleggje eksamen som privatist.
  6. Deltakar med elevstatus i vaksenopplæring får opplæring i teori i kroppsøving og får standpunktkarakter i medhald av denne opplæringa. Elevane bør stimulerast til aktivitetar som er i samsvar med måla om å ta vare på eigen helse. Dei kan ikkje trekkjast ut til eksamen. Elles gjeld regelen om komprimert opplæring med minst 2/3 av timetalet.

Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus, Eksamenssekretariatet, vil gje nærmare retningslinjer for gjennomføringa av den teoretiske eksamen. Når det gjeld den teoretiske og praktiske prøven viser ein til retningslinjer for skriftlig-praktisk eksamen gjeve i informasjon SUE/Vg-98-010.

Med helsing

Ole Briseid e.f.
ekspedisjonssjef
Inger Iversen
avdelingsdirektør
Lagt inn 11. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen