Historisk arkiv

Rundskriv F-023-99

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Delegering av mynde etter opplæringslova til Statens utdanningskontor (22.02.99)

Rundskriv F-023-99

Saksnr. 98/11111

22.02.1999

Statens utdanningskontor Fylkeskommunar Kommunar

Delegering av mynde etter opplæringslova til Statens utdanningskontor

Departementet delegerer med dette mynde og oppgåver etter følgjande føresegner i opplæringslova til Statens utdanningskontor:

  • § 2-1 andre ledd tredje setning, om fritak frå plikta til grunnskoleopplæring
  • § 2-3 fjerde ledd fyrste setning, om løyve til avvik frå læreplanar med meir
  • § 8-3 femte ledd andre setning, om klage på avvik frå klassedelingstal
  • § 9-1 tredje ledd, om alternative måtar å organisere skoleleiinga
  • § 11-10, om unntak frå oppl § 11-1 – 11-7
  • § 13-4 andre ledd andre setning, om pålegg ved usemje om organisering og finansiering av skyss
  • § 13-7 fjerde ledd andre setning, om unntak frå kravet om rektor som leiar i SFO
  • § 14-1 fyrste, andre og tredje ledd, om rettleiing, tilsyn og pålegg om å rette på forholda
  • § 15-2 fyrste ledd fyrste setning, andre ledd, tredje ledd tredje setning og fjerde ledd, om klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen, enkeltvedtak om inntak, enkeltvedtak om spesialundervisning i vidaregåande opplæring og tap av retten til vidaregåande opplæring. Statens utdanningskontor er og klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt grunnkurs på grunnlag av sakkunning vurdering og for enkeltvedtak etter oppl § 5-2.

Departementet delegerer mynde etter oppl § 12-6 fyrste ledd til Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus.

Delegeringa vert sett i kraft umiddelbart.

Den delegerte mynde skal utøvast i samsvar med opplæringslova og førearbeida til lova.

Med helsing

Ida Børresen e f
fung departementsråd
Stig Klingstedt
ekspedisjonssjef
Lagt inn 16. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen