Historisk arkiv

205 millionar kroner meir til utdanning, forsking og kyrkje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 105-97
07.11.97

Framlegg til endringar på KUF-budsjettet:

205 millionar kroner meir til utdanning, forsking og kyrkje

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje budsjettet på Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) sitt område med 205 millionar kroner i høve til framlegget frå førre regjering . I tillegg vert det lagt inn 10 millionar kroner på Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett i samband med lovfestinga av musikkskuletilbod i kommunane. Løyvingane til trussamfunn vert overførte frå Justisdepartementet til KUF.

Her er dei viktigaste punkta på KUF sitt budsjett:

Høgre utdanning

  • Stipenddelen opp til 30 %: Det vert gjort framlegg om at stipenddelen av studiestøtta vert auka frå 28 til 30 prosent. Dette utgjer ein auke på 80 millionar kroner.
  • Det vert gjort framlegg om å løyve 10 millionar kroner for å auke opptakskapasiteten på prioriterte studium som psykologi og IT-utdanning.
  • Private høgskular får ein auke på 39,7 millionar kroner for å føre vidare aktivitetsnivået frå 1997. Av desse midlane går om lag 6,5 millionar til å tilbakeføre løyvinga til bedriftsøkonomutdanninga ved BI. Den førre regjeringa gjorde framlegg om å avvikle statstilskotet til denne utdanninga. Om lag 4 millionar kroner vil bli foreslått for å halde oppe aktiviteten ved Varehandelens Høyskole, medan 2,2 millionar kroner går til Norsk lærarakademi for å vidareføre opptaket til allmennlærarutdanninga.
  • Det vert gjort framlegg om å løyve 1 million kroner ekstra til nye studentbarnehageplassar.
  • Det vert gitt tilsegn om å byggje 50 nye studentbustader i tillegg til dei 450 som den førre regjeringa gjorde framlegg om.

Forsking

  • Det vert fjort framlegg om å løyve 2,5 millionar kroner til å vidareføre Europaprogrammet i 1998.

Grunnskule

  • Regjeringa gjer framlegg om å auke summen til kompetanseutvikling i samband med Reform 97 med 15 millionar kroner. Frå før er det gjort framlegg om å løyve 50 millionar kroner til dette føremålet.
  • Regjeringa tek sikte på å setje i verk lovendringa om at alle kommunar åleine eller i samarbeid med andre kommunar skal ha eit musikk- eller kulturskuletilbod frå 1. juli neste år. I samband med denne endringa vert det gjort framlegg om å overføre 10 millionar kroner som kompensasjon over KAD sitt budsjett til dei kommunane som enno ikkje har etablert musikk- eller kulturskuletilbod.

Private skular

  • Basert på innstillinga frå Høybråtenutvalet gjer regjeringa framlegg om å leggje om tilskotssystemet til private skular. Som følgje av dette vert det gjort framlegg om å auke løyvinga til private skular med 28,3 millionar kroner. Av desse midlane utgjer 19 millionar auke i tilskotssatsane som følgje av auka kostnader til løn. Samanlikna med utvalsinnstillinga gjer regjeringa framlegg om ei omlegging som gir auka satsar til privatskular i utlandet og innan naturbruk.

Den norske kyrkja

  • Det vert gjort framlegg om å løyve om lag 1,8 millionar kroner ekstra for å opprette ein ny stilling ved dei 11 bispedømmeråda og ved Kyrkjerådet frå 1. august 1998. Dette som ein følgje av meirarbeid etter at ny kyrkjelov vart innført.
  • Til det kyrkjelege arbeidet i kommunane vert det gjort framlegg om å auke løyvinga med 20 millionar kroner, slik at løyvinga her totalt vert 100 millionar kroner.
  • Den norske Sjømannsmisjon får auka tilskotet med 3 millionar kroner.

Andre saker:

  • Folkehøgskolerådet får auka løyvinga med 500 000 kroner
  • Løyvinga til utviklingsprosjekt i regi av eller i samarbeid med Norsk Musikk- og kulturskoleråd blir auka med 2,4 millionar kroner til 6,4 millionar kroner.
  • Regjeringa er opptatt av korleis ein best skal sikre finansieringa av offentlege innkjøp av korleis ein best skal sikre finansieringa av offentlege innkjøp av moderne teknologisk utstyr til helsevesenet, utdannings- og forskingssektoren, dessutan politiet. Det vil bli vurdert korleis ein best kan gjennomføre og sikre slike innkjøp. Regjeringa ønskjer å etablere eit fond til slike føremål.
  • Ansvaret for forvaltinga av tilskot til trussamfunn skal overførast frå Justisdepartementet til KUF frå 1 januar 1998.
  • Verkemiddelordninga for skoleverket i Nord-Noreg vert foreslått forlenga fram til 31. juli 2003.
  • Regjeringa vil i løpet av våren 1998 leggje fram ei stortingsmelding som grunnlag for ein nasjonal handlingsplan for etter- og vidareutdanning for vaksne.

Statsrådens kommentar

-Eg er nøgd med at vi i dette framlegget har fått retta opp mange av dei kutta som låg i det opphavelege framlegget, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar. Eg vil og peike på at privatskulane får betra tilskotssystemet som følgje av framlegga i Høybråten-utvalet, og at vi no oppfyller intensjonen om å etablere musikk-/kulturskular i alle kommunar. Elles ser eg fram til at eg til neste år kan få presentere eit meir heilskapleg budsjett, seier Lilletun.

Lagt inn 7 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen