Historisk arkiv

“Foreldra må få tru på seg sjølve”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

²

Pressemelding

Nr. 112-97

19. desember

Stortingsmelding om foreldremedverknad i grunnskolen:

“Foreldra må få tru på seg sjølve”

* Regjeringa oppmodar til god kontakt mellom foreldre og skolen til beste for elevane.

* Rektor si haldning til foreldra er ofte den viktigaste faktoren for eit godt samarbeid mellom

skole og heim.

  • 94 prosent av alle skolane har i ei undersøking stadfesta at det er valt klassekontaktar.
  • Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) skal bli meir sjølvstendig og har ei viktig rolle når det

gjeld informasjon og rådgiing til foreldre.

Dette går fram av stortingsmeldinga om foreldremedverknad i grunnskolen (St. meld nr. 14 (1997-98) som passerte statsråd fredag. Meldinga presenterer for første gong ein samla analyse av korleis samarbeidet mellom heim og skule fungerer i Noreg og fleire andre land, særleg sett frå foreldra sin synsstad.

-Vi ønskjer å styrkje foreldra i trua på at dei har mykje å tilføre skolen. Vi vil at foreldre i større grad skal gå inn som likeverdig part saman med lærarar og elevar slik at dei saman kan vere med å vidareutvikle skulen, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun.

-Ikkje minst er det i denne samanhengen viktig å understreke foreldreretten, seier Lilletun.

Aktivt foreldreengasjement

Noreg er det einaste landet av dei som er vurdert i meldinga (dvs. dei andre nordiske landa, England, Skottland og Nederland) der det gjennom lov eller føresegner er bestemt at det skal vere eit fellesorgan av alle foreldre på skolen med eit arbeidsutval (FAU), eit statleg rådgjevande foreldreutval og at det bør vere klassekontaktar. I ei undersøking gjort av Feedback Research våren 1997 går det fram at 94 prosent av dei skolane som er med i undersøkinga har valt klassekontaktar, 87 prosent av alle arbeidsutvala (FAU) hadde eit godt eller svært godt samarbeid med leiinga på skolen og 51 prosent av arbeidsutvala var bedne om å vere med i drøftingar i kommunen om saker som galdt deira eigen skole.

I meldinga blir det dokumentert at foreldra har stor interesse av det som skjer i skolen, og at dei er ein viktig ressurs for skolen og heile oppvekstmiljøet. Foreldra si positive interesse i læringa til barna har svært mykje å seie både for skolemotivasjonen, for det utbyttet barna har av skolegangen og for det vidare skolevalet.

Departementet meiner at korkje foreldra eller andre partar til vanleg bør ha fleirtal i skulestyre og samarbeidsutval. (Danmark er det einaste landet i Norden der foreldra har fleirtal i styret på skolen). Det vert i denne samanhengen lagt vekt på at samarbeidet skal byggje på demokratiske prinsipp og at opplæringa er eit ansvar mellom fleire partar. Korleis styret eller samarbeidsutvalet på skolen fungerer, synest å vere meir avhengig av dei haldningane rektor har til samarbeidet, enn av den formelle makta organet har. Skolen skal vere ein møtestad i skjeringspunktet mellom samfunnsinteressene og dei private interessene knytte til barnet og foreldra.

Aktivt med i elevvurdering

Den nye forskrifta om elevvurdering legg opp til at foreldre er meir aktivt med i vurderinga. Forskrifta som gjeld frå 1. oktober 1997 inneber m.a. at klassestyrar skal ha samtalar med foreldre/føresette minst to gongar i året.

Meldinga innheld ei rekkje framlegg til tiltak som skal vere med å gjere foreldremedverknaden i skulen betre. Dette gjeld t.d. satsing på god informasjon til foreldra, utviklinga av materiell til felles opplæring av klassestyrar og klassekontaktar, vidareutvikling av systemet med elevvurdering og skolebasert vurdering, utviklingsprosjekt og spørjeundersøkingar i kommunane m.v.

Foreldreutvalet for grunnskolen eige forvaltningsorgan

Departementet ønskjer å vidareføre Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG). For å markere sjølvstende til FUG, blir det tilrådd at FUG blir eit eige forvaltningsorgan. Det fører til at sekretariatet til FUG blir skilt frå departementet. Foreldreutvalet for grunnskolen er eit rådgjevande organ for departementet. Samtidig har dei ei viktig rolle i informasjonsarbeid, rådgjeving og anna støtte til det lokale foreldrearbeidet.

Lagt inn 22.desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen