Historisk arkiv

Historisk institutt ved Universitetet i Bergen fekk førsteprisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 102-97
29. oktober

Evalueringsprisen 1997:

Historisk institutt ved Universitetet i Bergen fekk førsteprisen

Historisk institutt ved Universitetet i Bergen fekk førsteprisen på 250 000 kroner då Evalueringsprisen for 1997 vart delt ut på eit arrangement i Fredrikstad onsdag. Det var statssekretær Marit Elisebet Totland i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som stod for utdelinga. BI-stiftelsen fekk andreprisen på 150 000 kroner, medan Siviløkonomutdanninga ved Høgskolen i Bodø fekk tredjeprisen på 100 000 kroner.

Føremålet med prisen er å stimulere universitet og høgskular til å utvikle gode opplegg for at studentar og lærarar i fellesskap skal betre kvaliteten på undervisninga.

Historisk institutt ved Universitetet i Bergen får førsteprisen i første rekkje for eit målbevisst, systematisk studentevalueringsarbeid over tid. Instituttet har gradvis innført nye element i evalueringa og fremja ein kultur for evaluering og pedagogisk refleksjon.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Hans Jørgen Gjertsen, tlf. 22 24 77 02

Lagt inn 29 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen