Historisk arkiv

Jon Lilletun utnemnt til ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 098-97
17. oktober

Jon Lilletun utnemnt til ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister

Jon Lilletun vart i statsråd i dag oppnemnt til ny kyrkje-, utdannings- og forskingsminister etter Reidar Sandal. Lilletun (51) er busett i Vennesla i Vest-Agder, og vart ved haustens stortingsval innvalt som representant for Kristeleg Folkeparti for sin tredje periode.

Lilletun vart valt til Stortinget første gong i 1989, og har site i Kommunal- og miljøvernkomiteen og Kyrkje-, utdanings- og forskingskomiteen, der han har vore leiar dei fire siste åra.

Då Lilletun vart valt inn på Stortinget var han tiltakskonsulent i Vennesla kommune, der han tidlegare også har arbeidd som ungdomssekretær og kultursekretær.

Lilletun har i tillegg hatt ei rekkje verv innan kulturarbeid, barne- og ungdomsarbeid og politikk.

Svein Helgesen (49) frå Bru i Rogalander i statsråd oppnemnt som statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Helgesen representerer Kristeleg Folkeparti og er i dag skulesjef i Randaberg kommune.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er i dag med sine om lag 380 medarbeidarar eit av dei største av departementa. Departementet har hatt same strukturen sidan Arbeidarpartiet tok over regjeringsansvaret i 1990, då kyrkjesakene vart tilbakeførte til KUF.

Departementet har i dag 7 avdelingar, 4 som markerer hovudområda innan utdanning; grunnskule, vidaregåande opplæring, universitet og høgskole og vaksenopplæring, i tillegg til avdelingane innan forsking, kyrkje og administrasjon.

Lagt inn 17 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen