Historisk arkiv

37 milliardar til kyrkje, utdanning og forsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Dato: 5. oktober 1998

37 milliardar til kyrkje, utdanning og forsking

Budsjettframlegget for 1999 frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er på til saman 37 milliardar kroner. Dette er ein auke på 5,4 prosent i høve til vedteke budsjett for 1998. Det er særleg lagt opp til ein auke innan høgre utdanning, forsking og kyrkja.

Forsking

Over KUF sitt budsjett er det gjort framlegg om å auke forskingsløyvingane til Noregs forskingsråd med om lag 10 prosent. Samstundes er totalløyvinga til universitet og høgskular foreslått auka med 10,8 prosent(1), noko som inneber ei viss styrking av forskingsverksemda ved desse institusjonane.

Innanfor løyvinga til Forskingsrådet vil departementet særleg styrke områda medisin og helse (grunnforsking og rekruttering til medisinsk forsking) og naturvitskap og teknologi (styrking av grunnleggjande marin forsking). Det er gjort framlegg om ei særskilt løyving til vitskapeleg utstyr på 25 millionar kroner, ein auke på 5 millionar i høve til i fjor.

Det blir gjort framlegg om å auke basisløyvingane til frittståande forskingsinstitutt med 20,7 millionar kroner. Av desse midlane skal 15 millionar gå til dei regionale forskingsinstitutta. Regjeringa følgjer oppmodinga frå Stortinget om å leggje til rette for norsk deltaking i EU sitt femte rammeprogram.

Etablering av Teknologiråd: Det blir foreslått å etablere eit eige norsk teknologiråd frå 1. januar 1999. Rådet skal vere eit uavhengig organ som skal ha til oppgåve å setje i verk vurderingar av ny teknologi og korleis denne verkar på samfunnet og kvar einskild. Noregs forskingsråd skal ha ansvar for sekretariatsfunksjonen.

14, 3 milliardar til høgre utdanning

Det vert foreslått å løyve om lag 14,3 milliardar kroner til høgre utdanning. Dette er ein auke på om lag 10,8 prosent i høve til i fjor. Korrigert for auka inntekter blir auken på 7,8 prosent.

  • Regjeringa prioriterer å halde oppe den høge opptakskapasiteten innan IT-, helsefag- og lærarutdanning i 1999, og opprettar 1450 nye studieplassar innan desse områda.
  • Samstundes blir det foreslått å redusere talet på studieplassar på lågare prioriterte utdanningar med til saman 500 studieplassar, fordelt med 250 plassar ved universiteta, 225 plassar ved statlege høgskolar og 25 plassar ved private høgskolar.
  • Det blir foreslått å styrke eksisterande desentraliserte studietilbod med 8 mill kr.
  • For å følgje opp stortingsvedtaket om 18 vekers lovfesta praksis i allmennlærarutdanninga blir det foreslått å løyve 13 millionar kroner.
  • Det blir foreslått å etablere tannteknikarutdanning ved Høgskolen i Oslo med oppstart frå hausten 1999.
  • Det ligg ikkje framlegg til nye bygg i universitets- og høgskolesektoren i 1999.

7,3 milliardar til studiefinansiering og studentvelferd

Det vert gjort framlegg om å løyve om lag 7,3 milliardar kroner til studiefinansiering og studentvelferd(2). Dette er ein auke på om lag 1,2 prosent i høve til i fjor. 4,7 milliardar kroner av desse midlane er foreslått nytta til stipend. Dette er ein auke på 8,9 prosent.

  • Det blir foreslått å auke kostnadsnorma med 3,3 prosent.
  • Stipenddelen blir halden oppe på 30 prosent.
  • Reisestønaden for utanlandsstudentar blir foreslått lagt om slik at støtte til to tur-retur-reiser pr år blir gitt som stipend. Denne støtta blei tidlegare gitt som 50 prosent lån og 50 prosent stipend.
  • Det blir foreslått å auke løyvinga til studentbustader med 10 millionar kroner. Dette inneber ein auke med 100 nye bustader, til saman 600 på 1999-budsjettet.
  • Det blir foreslått at marknadsbasert utlånssystem med flytande rente blir ført vidare, og at det blir lagt til rette for at fast rente skal kunne innførast i år 2000.

2,1 milliardar til grunnskolen

Det blir gjort framlegg om å løyve om lag 2,1 milliardar kroner til grunnskolen. Dette er ein auke på 6 prosent frå i fjor. Etterutrekningar i samband med investeringar i skolebygg er ei av hovudårsakene til auken.

Auka driftskostnader i samband med grunnskolereforma vil bli dekka inn over rammetilskotet til kommunesektoren på Kommunal og regionaldepartementet (KRD) sitt budsjett. I tillegg blir det gjort framlegg om å løyve om lag 210 millionar kroner gjennom rammetilskotet som kompensasjon for auka kostnader i samband med kjøp av nye lærebøker for 4., 7. og 10. klassetrinn.

På budsjettframlegget frå KUF blir det m.a. gjort framlegg om:

  • 72 millionar kroner til kompetanseutvikling for undervisningspersonalet i grunnskolen i samband med innføring av nytt læreplanverk.
  • 50 millionar kroner i ekstra tilskot til læremiddel for å stimulere kommunane til å kjøpe læremiddel utover godkjende lærebøker.
  • Investeringsramma for skolebygg i samband med skolestart for seksåringar har som følgje av etterutrekningar auka til 5247 millionar kroner. Kompensasjonen for 1999 er utrekna til 529 millionar kroner.
  • Det er gjort framlegg om å redusere satsane til skolefritidsordninga med 10 prosent frå og med hausten 1999.

1,1 milliardar til vidaregåande opplæring

Det blir foreslått å løyve om lag 1,1 milliardar kroner til vidaregåande opplæring over KUF sitt budsjett.(3) Dette er ein reduksjon på 14,6 prosent. Reduksjonen skuldast delvis at 32 millionar kroner er overført til rammetilskotet til fylkeskommunane på KRD sitt budsjett. I tillegg vert særskilde løyvingar som vart innført i samband med Reform 94 trappa ned. Dette gjeld m a tilskot til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale og stimuleringstilskot til lærebedrifter.

Formidlinga av lærlingar ser ut til å gå betre i år samanlikna med tidlegare. Stimuleringstilskota vil i 1999 bli konsentrert rundt formidling av læreplass til søkjarar med stort fråvær og svake karakterar. Totalt blir det foreslått å redusere stimuleringstilskota til lærebedrifter med 97 millionar kroner.

1 095 millionar til vaksenopplæring

Det blir foreslått å løyve nær 1 095 millionar kroner til vaksenopplæring. Dette er ein auke på 8,7 prosent frå 1998.

Regjeringa vil i startfasen av arbeidet med Kompetansereforma(4) konsentrere arbeidet om dokumentasjon av realkompetanse, særleg inn mot vidaregåande opplæring. Det er lagt inn 10 millionar kroner i budsjettet primært til dette satsingsområdet.

  • Løyvinga til folkehøgskolane er på vel 356 millionar kroner, ein auke på over 19 millionar kroner. I tillegg blir dei 10 millionar kronene som Stortinget kutta i samband med Revidert nasjonalbudsjett i år tatt inn igjen.
  • Det blir foreslått å løyve vel 358 millionar kroner til norskopplæring med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, ein auke på 35, 5 millionar i høve til i fjor.

845 millionar til kyrkja

Framlegget til kyrkjebudsjett er på 845,7 millionar kroner. Dette er ein auke på 8,4 prosent i høve til 1998.

I framlegget til driftsløyving til presteskapet er det lagt inn ein særskilt auke på 9 millionar kroner til styrking av vikartenesta.

  • Det blir foreslått å auke statstilskottet til døvekyrkjene med 2 millionar kroner i 1999, dvs frå 2,3 millionar kroner i 1998 til 4,3 millionar kroner i 1999.
  • Departementet gjer framlegg om at statstilskottet til dei kyrkjelege fellesråda blir ført vidare i 1999 med 110 millionar kroner.
  • Tilskottet til Den norske Sjømannsmisjon er auka med 2 millionar kroner til 28,5 millionar kroner.

(1) Kap 283 Meteorologisk institutt er overført frå kategorien Høgre utdanning til Forsking under Forslag 1999. Korrigert for denne endringa er auken under Høgre utdanning 10,8 prosent og under Forsking 9,2 prosent.

(2) Lånetransaksjonar er ikkje tatt med i denne summen.

(3) Fylkeskommunane har ansvaret for drift og utvikling av vidaregåande opplæring, og vert dermed gitt tilskot over KRD sitt budsjett. KUFs budsjett omfattar statlige tilskot til særskilte tiltak innan vidaregåande opplæring.

(4) Regjeringa la i mai 1998 fram St meld nr 42 (1997-98) Kompetansereforma. I meldinga er det foreslått ei rekkje tiltak for å møte dei vaksne sine behov for fagleg og personleg utvikling og behovet for kompetanseheving i arbeidslivet.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen