Historisk arkiv

96% av alle 16-18 åringar er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 018-98
25. mars

96% av alle 16-18 åringar er i vidaregåande opplæring eller arbeid

Om lag 96% av ungdommar med rett til vidaregåande opplæring er i utdanning eller arbeid. Dette viser tal frå oppfølgingstenesta i fylkeskommunane pr 1. januar 1998. Over halvparten av dei elevane som ikkje er i arbeid eller utdanning, er framleis under aktiv oppfølging.

Gruppa som oppfølgingstenesta ikkje har lykkast å få kontakt med, utgjer 0,4 prosent av dei tre årskulla med ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring.

Oppfølgingstenesta har i skoleåret 1997-98 registrert at 7 prosent av ungdommane med rett til vidaregåande opplæring har hatt behov for hjelp og oppfølging. Om lag 4 prosent har i løpet av skoleåret tatt imot tilbod om opplæring eller arbeid. Dei andre 3 prosentane er enten framleis under oppfølging eller har takka nei til oppfølging.

Tala som oppfølgingstenesta rapporterte i 1995 og 1996 viser at dei som er registrert av oppfølgingstenesta og som har behov for oppfølging held seg stabilt på mellom 6 og 7 prosent av ungdommane med rett til vidaregåande opplæring.

Talet på ungdommar med rett til vidaregåande opplæring som har slutta i løpet av skoleåret 1997-98 er om lag 3800, eller 2,3 prosent. Dette talet held seg også stabilt samanlikna med tidlegare års rapporteringar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun seier i ein kommentar at fylkeskommunane har god oversikt over ungdomskulla, og at det er svært positivt at ein så stor del er under opplæring eller i arbeid. -Eg er glad for den stabile situasjonen med lite fråfall, dvs få ungdomar med rett til vidaregåande opplæring som sluttar i løpet av skoleåret, seier Lilletun.

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 26 mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen