Historisk arkiv

Årets lærebedrift 1998: Statens vegvesen Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 112-98
Dato 9. november

Årets lærebedrift 1998:

Statens vegvesen Rogaland

Statens vegvesen Rogaland vart måndag kåra til Årets lærebedrift 1998. Statsråd Jon Lilletun overrekte prisen, eit kunstverk, under Landskonferansen om vidaregåande opplæring i Sandvika.

Bakgrunnen for kåring av Årets lærebedrift er at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i arbeidet med Reform 94 har ønskt å setje fokus på lærebedrifter og deira arbeid med førebuing og inntak av lærlingar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun sa m.a. i sin helsingstale:

”Det avgjerande for at nettopp Statens vegvesen Rogaland får prisen er m.a. positive haldningar til å utdanne ungdom til dyktige fagarbeidarar. Dei viser breidde i fagområda, dei gjer ein aktiv innsats for å skaffe samarbeidspartnerar gjennom opplæringskontor og –ringar, og ikkje minst gjer dei innsats for å skaffe fleire jenter som lærlingar. Bedrifta har og vist store evner til omstilling. Det er ekstra stor stas for meg at bedrifta i tillegg er statleg; det viser at staten tek opplæringsansvaret sitt på alvor.”

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har det øvste ansvaret for lærlingar i staten. Statsråd Eldbjørg Løwer gratulerer Statens Vegvesen Rogaland med prisen. –Det er eit stort og viktig arbeid som blir lagt ned rundt om når det gjeld å leggje til rette for lærlingar i staten. Vi vonar at denne tildelinga kan inspirere andre statlege bedrifter til å gjere ein god innsats for få inn fleire lærlingar i offentleg verksemd, seier Løwer.

Lagt inn 9. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen