Historisk arkiv

Delt mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 100-98
Dato 14. oktober

Evalueringsprisen 1998:

Delt mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø

Evalueringsprisen vart i år delt mellom Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen og Institutt for psykologi ved Universitetet i Tromsø. Begge desse institusjonane fekk 200 000 kroner kvar. Tredjeprisen på 100 000 kroner gjekk til Fysioterapiutdanninga ved Høgskolen i Bergen. Evalueringsprisen, som oppmodar høgre utdanningsinstitusjonar til å satse på student- og lærarsamarbeid for å betre kvaliteten på undervisninga, vart delt ut av statssekretær Svein Helgesen ved eit arrangement ved Høgskolen i Oslo onsdag.

-Vi må ta på alvor OECD-signal om at norske universitet gir for lite rom for problembasert læring, bruker for mykje tid og ressursar på eksamens- og sertifiseringsoppgåver og er for lite opptatt av sjølve læringsprosessen i studia, sa statssekretær Svein Helgesen under utdelinga. Vi er svært opptatt av desse spørsmåla som er avgjerande for studiekvaliteten ved universitet og høgskolar.

Om dei ulike framlegga:

Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, delt 1. pris:

Evalueringsopplegget er forankra i vedtak og ansvar både på institutt-, fakultets- og kollegienivå. Opplegget femner om all undervisning, og evalueringa vert planlagt i fellesskap av studentar og lærarar. Det vert lagt stor vekt på dokumentasjon og oppfølging av evalueringsresultata, og lærarane har tilbod om rettleiing.

Institutt for psykologi, Universitetet i Tromsø, delt 1. pris

Evalueringsopplegget er forankra i vedtak og ansvar på instituttnivå. Opplegget er avgrensa til evaluering av klinikkundervisning og praksisopplæring, men det går fram at også andre delar av studiet vert evaluert. Fokuseringa på praksisundervisninga er positiv, også fordi praksis ofte vert neglisjert i evalueringssamanheng.

Fysioterapeututdanningen, Høgskolen i Bergen, 3. pris

Evalueringsopplegget er forankra i utdanninga, og tilfredsstiller kriteria for eit godt evalueringsopplegg. Opplegget er eit resultat av utprøving over tid og er godt integrert i studieopplegget.

Lagt inn 15. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen