Historisk arkiv

Doktorgrad ved høgskolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 113-98
Dato: 17. november

Doktorgrad ved høgskolar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har fastsett kva vilkår som skal stillast til høgskolar som ønskjer å tildele doktorgradar. Så langt har høgskolane i Agder, Bodø og Stavanger søkt om å få tildele doktorgradar. Saksgangen i samband med søknaden er godkjent av KUF etter framlegg frå Noregsnettrådet.

KUF bad fredag Noregsnettrådet oppnemne tre fagkomitear av sakkunnige som skal vurdere søknadene frå dei tre høgskolane. Kvar komite skal ha minst ein internasjonalt framståande fagperson.

Høgskolen i Agder har søkt om å få tildele doktorgradar i nordisk språk og litteratur, Stavanger har søkt om doktorgrad ved sivilingeniørutdanninga og Høgskolen i Bodø har søkt om doktorgradutdanning i bedriftsøkonomi.

–Komiteane vil vere i arbeid i løpet av året. Dei faglege vurderingane frå komiteen vil så danne grunnlag for den endelege avgjerda i departementet før sommarferien, seier statsråd Jon Lilletun.

Krava som skal stillast til ein institusjon som ønskjer å opprette doktorgrad inneber både faglege forhold og forhold som gjeld heile institusjonen, og er nedfelt i 8 hovudpunkt:

  • Forsking
  • Forskarutdanning
  • Forskarutdanningsprogrammet
  • Det vitskaplege personalet sin kapasitet og nivå når det gjeld rettleiing
  • Nivået på den faglege verksemda generelt, medrekna undervisninga
  • Nasjonal og internasjonal orientering og nettverk ved institusjonen
  • Bibliotekteneste og andre fasilitetar ved institusjonen
  • Opplegget for evaluering, kvalitetssikring og -utvikling ved institusjonen

- Med dette vil det no vere ope for doktorgradar ved desse tre høgskolane dersom dei sakkunnige kjem til at kvaliteten held mål, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun. Det har lenge vore diskusjon om retten til å kunne tildele doktorgrader. Regjeringa tek dette på alvor. For første gong vil det no vere kvalitet og ikkje geografi som avgjer kva oppgåver høgskolar og universitet kan få innan Noregsnettet, seier Lilletun.

Dei tre søknadene som no skal gjennomgåast kjem frå tre statlege høgskolar, men same kvalitetsvurdering skal gjelde også for eventuelle søknader frå private høgskolar, understrekar Jon Lilletun.

Lagt inn 18. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen