Historisk arkiv

Ekstramidlar til undervisning ved Regionsjukehuset i Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 111/98
Dato: 5. november 1998

Ekstramidlar til undervisning ved Regionsjukehuset i Tromsø

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 40 millionar kroner til å utvide undervisningsdelen av Regionsjukehuset i Tromsø. 15 millionar går over KUF sitt budsjett, medan 25 millionar kroner blir finansiert gjennom særskilde ordningar over Sosial- og helsedepartementets budsjett. Framlegget passerte Statsråd torsdag (St prp nr 1 Tillegg nr 10 (1998-99)).

Undervisningslokala ved Regionsjukehuset i Tromsø er i dag dimensjonert for eit opptak på 40 medisinstudentar pr år, medan opptaket er 76. Det er ein føresetnad at opptaket på medisin ved Universitetet i Tromsø blir vidare oppbygd.

Tiltaket vil vere med på å halde oppe eit høgt opptak på medisin ved Universitetet i Tromsø, og såleis auke rekrutteringa til lækjarstillingar i Nord-Noreg.

Midlar til idrettsbygg i Tromsø

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer vidare framlegg om å løyve 5,55 mill kroner til delfinansiering av idrettsbygg i Tromsø. Kulturdepartementet er innstilt på å fordele spelemidlar til prosjektet.

- Eg er svært glad for at vi no får styrka medisinutdanninga i Tromsø, seier statsråd Jon Lilletun i ein kommentar. Behovet for lækjarar, særleg i Nord-Noreg er stort, og denne løyvinga vil på sikt vere med på å avhjelpe situasjonen. Vidare vil tilskotet til idrettsbygg i Tromsø vil vere eit viktig bidrag til studentvelferden i byen, seier Lilletun.

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen