Historisk arkiv

Endringar i tilskotsordninga for privatskolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

056-98
28. mai

Endringar i tilskotsordninga for privatskolar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg opp til endringar i utrekninga av tilskotet til private skolar. Prinsippet om at tilskota til private skolar med parallellar i offentleg skole skal reknast ut på grunnlag av utgiftene i offentleg skole står ved lag. Framlegget gjev ein samla auke i tilskota på 26,2 mill kroner samanlikna med den ordninga som gjeld no. Dette går fram av Stortingsmelding nr. 45 (1997-98) om endringar i tilskotsordninga for privatskolar som passerte statsråd 28. mai.

Framlegget inneber at tilskota til private grunnskolar skal fastsetjast på grunnlag av ein statistisk samanheng mellom kostnader og elevtal i offentlege skolar, ikkje som ein trappetrinnsmodell som i dag. Omlegginga fører til ei omfordeling frå skolar med lågt elevtal til skolar med høgare elevtal, men likevel slik at små skolar får høgare tilskot per elev enn store skolar.

Private vidaregåande skolar skal få tilskot etter fastsett sats i samsvar med den studieretninga skolen er godkjend for. Toppidrettsgymnasa ville fått ein reduksjon i tilskotet etter framlegget til ny tilskotsordning. For å kompensere for dette, legg departementet opp til å etablere ei eiga tilskotsordning for den spesielle toppidrettsdelen. Samla tilskot til toppidrettsgymnasa vert difor på same nivå som før omlegginga. Det blir fastsett maksimalt samla elevtal som kan løysa ut det spesielle toppidrettstilskotet

Norske grunnskolar i utlandet får i dag tilskot etter ein timesats. KUF legg opp til at desse skolane skal få tilskot etter same utrekningsmåten som gjeld for private grunnskolar i Noreg.

Privatskulelova har i dag ikkje reglar som regulerer bruken av skolepengane. Departementet går inn for at det skal bli eit lovfest krav at inntekter frå eigabetaling frå elevane skal koma elevane til gode. Departementet legg opp til at det skal bli høve til å setja av ein sum til eit investeringsfond som svarar til skolepengane, og at skolane kan føra over inntil 10 prosent av statstilskotet frå eit rekneskapsår til eit anna.

Departementet tek sikte på at endringane i tilskotssystemet blir sett i verk frå 1999. Omlegginga av tilskotssystemet vil føra til ei omfordeling mellom skolane. Skolar som får ein reduksjon i tilskotet på 5 prosent eller meir, vil få reduksjonen innarbeidd over to skoleår.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Eivind Heder, tlf. 22 24 74 12

Lagt inn 28. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen