Historisk arkiv

Fakta-ark - Ot prp nr 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Fakta-ark

Framlegg til ny lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa( linkdoc014005-050007#docOt prp nr 46 (1997-98) opplæringslova)- nokre hovudpunkt

Innleiing

Regjeringa la fredag 3. april fram forslag til ny lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Ot prp nr 46 (1997-98) - opplæringslova).

Lovframlegget frå departementet byggjer på innstillinga frå opplæringslovutvalet , NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring. Innstillinga har vore ute på ein brei høyringsrunde der det til saman kom inn over 500 høyringsfråsegner. På grunnlag av innstillinga og høyringsfråsegnene vart det våren 1997 fremma ein lovproposisjon for Stortinget (Ot prp nr 36 (1996-97)). Proposisjonen vart ikkje behandla av Stortinget før valet hausten 1997.

Grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa har i dag sitt lovgrunnlag i lov 13.06.1969 nr 24 om grunnskolen, lov 21.06.1974 nr 55 om vidaregåande opplæring og lov 23.05.1980 nr 13 om fagopplæring i arbeidslivet. I tillegg har vaksenopplæringslova reglar om grunnskole og vidaregåande opplæring for vaksne. Dessutan finst det i privatskulelova reglar om økonomisk støtte til private skolar. Denne lova set og krav til desse skolane.

Sidan desse lovene vart vedtekne, har det vore store endringar i både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Ved Reform 94 fekk alle elevar rett til tre års vidaregåande opplæring, og ved Reform 97 blei grunnskolen 10-årig, med skolestart ved 6 års alder. Nesten alle som går i grunnskolen, held i dag fram i vidaregåande opplæring. For dei aller fleste utgjer dette derfor eit samanhengande opplæringsløp.

Det har også vore andre endringar som har hatt store konsekvensar for opplæringssystemet. Ved den nye kommunelova frå 1992 fekk kommunane og fylkeskommunane eit nytt organisatorisk grunnlag for verksemda.

Både desse reformene og den tida som er gått sidan desse lovene vart vedtekne, gjorde det nødvendig med ein gjennomgåande revisjon av lovverket, med tanke på å utarbeide eit nytt lovverk tilpassa dagens skole. Ved å sjå grunnskole og vidaregåande opplæring i samanheng, vil det etter departementet sitt syn vere lettare å få til eit betre og meir heilskapleg opplæringstilbod. Samstundes er det framleis skilnader mellom dei to opplæringsnivåa som også må nedfellast i lovverket.

Det lovforslaget som blei lagt fram 3. april, er på fleire viktige punkt endra i forhold til framlegget som blei lagt fram for Stortinget i fjor. Endringane er kursivert i teksten nedanfor.

Ei ny felles lov for grunnskole og vidaregåande opplæring

Departementet gjer framlegg til ny felles lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Denne er meint å erstatte grunnskolelova, lov om vidaregåande opplæring og fagopplæringslova. Vidare blir det gjort framlegg om at visse delar av vaksenopplæringslova går inn i den nye lova. Dette gjeld dei delane av lov om vaksenopplæring som inneheld reglar om spesialundervisning på grunnskolen sitt område og reglar om grunnskoleopplæring og Ä vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne. Privatskulelova blir i framlegget ført vidare som eiga lov.

Ein felles formålsparagraf

Formålsparagrafane som i dag finst i grunnskolelova, fagopplæringslova og lov om vidaregåande opplæring, blir samla i ein paragraf og ført vidare i ei ny lov. Prinsippet om tilpassa opplæring er framheva i formålsparagrafen. Arbeidet mot mobbing skal vere eit mål for alle i både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Den kristne formålsparagrafen for grunnskolen blir ført vidare uendra.

Klargjering av reglane om spesialundervisning

Retten til spesialundervisning i grunnskolen, i vidaregåande opplæring og for vaksne blir klargjort. Det blir gjort framlegg om nye reglar om slik opplæring. Mellom anna blir det gjort framlegg om ein ny regel om rett til spesialundervisning som skal vere felles for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Det blir også gjort framlegg om særlege saksbehandlingsreglar i samband med vedtak om spesialundervisning - mellom anna for betre å sikre interessene til elevane og foreldra i slike saker. Proposisjonen strekar under prinsippet om at elevar som får spesialundervisning som hovudregel skal få dette tilbodet i ein vanleg klasse. PP-tenesta sitt ansvar for det systemretta arbeidet blir framheva i lova.

Medverknad for elevar og foreldre

Det blir gjort framlegg om at dei reglane som i dag gjeld for organisert medverknad frå elevar og foreldre, blir førte vidare med nokre mindre endringar i ei ny lov om opplæring. Dette inneber mellom anna at reglane om elevråd, samarbeidsutval, foreldreråd, skoleutval og Foreldreutvalet for grunnskolen blir førte vidare i proposisjonen. Det blir gjort framlegg om ein lovregel som sikrar at verken elevane, foreldra eller dei tilsette kan ha fleirtall i driftsstyre oppretta etter kommunelova § 11. Framlegget understrekar prinsippet om at dei instansane det gjeld - til dømes samarbeidsutval - skal ha høve til å uttale seg i samband med skolenedleggjing. Der sakkunnig instans er i tvil om barnet er skolemodent, skal foreldra ha det avgjerande ord i spørsmålet om skolestart.

Målformer i skolen

Dei særlege reglane om rett til eigen klasse for særskild målform blir i hovudsak førte vidare. Der det blir oppretta særskild klasse med anna målform, skal det framleis vere eit fleirtal av foreldra som avgjer kva for skole i kommunen som skal gi tilbodet om anna målform. Framlegget fører og vidare reglane om rådgivande folkerøysting om val av målform. Kravet om samtidig utgiving av både bokmål- og nynorskutgåve av både lærebøker og andre læremiddel blir ført vidare.

Klassestorleik og aldersblanding

Reglane om klassestorleik blir førte vidare. Det same gjeld regelen om tilrådd maksimalstorleik for grunnskolar. Departementet går imot at det blir opna for aldersblanding meir generelt. I staden gjer departementet framlegg om at dei reglane som gjeld i dag om aldersblanding ved mindre skolar blir førte vidare med enkelte mindre endringar. Vidare opnar lovframlegget frå departementet for aldersblanding innanfor hovudtrinna der dette er grunna på omsynet til elevane. Spørsmålet om senking av klassedelingstala er ikkje vurdert i denne omgangen, men vil bli behandla i samband med budsjettarbeidet.

Arbeidsmiljø

Departementet meiner at regelen som pålegg kommunane å sørgje for tenlege grunnskolar, bør førast vidare i ei ny lov. Departementet går dessutan inn for at ordninga med godkjenning av lærebøker blirt ført vidare. Det same gjeld alkolholforbodet i grunnskolen. Dessutan skal forskrift om miljøretta helsevern i skolar og barnehagar framleis gjelde. Departementet er i gang med ei særskild utgreiing av om arbeidsmiljølova bør gjerast gjeldande for skoleelevar og ei særskild utgreiing av ei felles ulykkesforsikringsordning for alle elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Skyss og innlosjering

Dei reglane som i dag finst om skyss og innlosjering blir førte vidare. Elevar i vidaregåande skole bør ha rett til nødvendig båtskyss utan omsyn til skysslengda. Det blir klargjort at skyssgodtgjersle i vidaregåande skole skal dekkje dei faktiske kostnadene eleven har til skyss.

Strengare rektorkrav

Departementet gjer framlegg om eit strengare rektorkrav enn det som følgjer av framlegget frå opplæringslovutvalet - både når det gjeld storleiken på dei skolane som skal ha rektor og når det gjeld høve til å vere rektor ved fleire skolar.

Mellombels tilsettjing

Departementet gjer vidare framlegg om at det framleis skal vere høve til å tilsetje personar som ikkje oppfyller kompetansekrava i mellombels stilling. I motsetnad til utvalet vil departementet ikkje gå inn for at mellombels tilsette etter fire år får rett til fast tilsetjing.

Normalisering av stillingsvernet - krav om politiattest

Lovframlegget frå departementet går inn for ei normalisering av stillingsvernet for undervisningspersonellet i skolen. Dette inneber at det i framtida skal vere arbeidsmiljølova som regulerer oppseiingsvernet for desse gruppene - på same måte som for andre kommunalt eller fylkeskommunalt tilsette. Departementet går også inn for at det i framtida skal stillast krav om politiattest for personar som skal bli tilsette i grunnskolen. Det vil bli sett i gang eit arbeid for å vurdere lovendringar med sikte på at domstolane legg til grunn at personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn som hovudregel ikkje skal kunne tilsetjast i grunnskolen.

Samisk opplæring

Det blir gjort framlegg om individuell rett til opplæring i samisk i grunnskolen. Opplæring i samisk bør også vere ein rett i vidaregåande skole. Lovutkastet frå departementet fører vidare den klargjeringa av omgrepet samisk distrikt som utvalet gjorde framlegg om. Det blir også gjort framlegg om at Sametinget skal få større innverknad på innhaldet i den samiske opplæringa og dessutan sjølv få rett til å fastsetje delar av innhaldet innanfor rammer fastsette av departementet.

Opplæring i finsk

Departementet gjer framlegg om ein lovfest rett til opplæring i finsk dersom minst tre elevar på ein skole i Troms eller Finnmark krev det.

Kontroll og tilsyn

Departementet gjer her framlegg om å føre vidare og klargjere det ansvaret staten har for å føre tilsyn med grunnskolane og den vidaregåande opplæringa. Staten skal kunne gi pålegg om å rette på forhold ved skolane som er i strid med lova eller forskriftene, men meiner at lova ikkje bør innehalde dei tilleggsvilkåra opplæringslovutvalet gjer framlegg om. Framlegget frå Moe-utvalet blir ikkje behandla i proposisjonen.

Lagt inn 3 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen