Historisk arkiv

Ida Børresen ekspedisjonssjef i KUF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

057-98
28. mai

Ida Børresen ekspedisjonssjef i KUF

Seniorkonsulent Ida Børresen er i statsråd torsdag utnemnt til ekspedisjonssjef i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Administrasjonsavdelinga.

Ida Børresen (47) er cand. polit. frå Universitetet i Oslo med faga offentleg rett, historie mellomfag og hovudfag i statsvitskap. Ho har tidlegare m.a. arbeidd i Justisdepartementet og Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. Frå 1990 har ho vore seniorkonsulent og partnar i konsulentfirmaet STRADEC a s.

Lagt inn 28. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen