Historisk arkiv

KUF vil halde oppe ingeniørutdanninga i Førde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 027-98
6. april 1998

KUF vil halde oppe ingeniørutdanninga i Førde

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil halde oppe avdelinga for ingeniørutdanning ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Avdelinga ligg i Førde. Høgskulestyret gjorde i slutten av mars vedtak om at denne utdanninga skulle leggjast ned.

-Vi ønskjer primært å halde oppe denne utdanninga for å sikre at teknisk utdanning på høgskolenivå skal vere representert i Sogn og Fjordane. Sjølv om det i ein periode har vore få søkjarar til ingeniørutdanninga i Førde, ønskjer vi likevel å peike på det generelle behovet for godt kvalifiserte ingeniørar, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar. -Også næringslivet i Sogn og Fjordane og ein samla tverrpolitisk stortingsbenk frå fylket har gått sterkt inn for at tilbodet i Førde skal haldast oppe. Etter ei samla vurdering har vi kome til at vi vil halde oppe denne utdanninga. Etter påske tek vi sikte på eit møte med leiinga for Høgskolen i Sogn og Fjordane der vi vil sjå på totaltilbodet innan høgre utdanning i Sogn og Fjordane, seier Lilletun.

- Eg vil og be alle som har slåst for å halde opp dette utdanningstilbodet om å gjere ein innsats for å få søkjarar til ingeniørutdanninga i Førde, slik at dette blir ei levedyktig utdanning, seier Lilletun.

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 6 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen