Historisk arkiv

Lærlingstoda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

106-98
26. oktober

Lærlingstoda

Ved dei fylkeskommunale fellesinntaka er det pr. 1. oktober registrert 11 565 formidla lærlingar. Dette er om lag det same talet formidla lærlingar som på same tidspunkt som i fjor. Det endelege talet for formidla kontraktar i 1997 var 16 000.

Om lag 600 elevar har fått tilbod om alternativ opplæring i VKII. Dette gjeld i hovudsak søkjarar som har rett til 3 års vidaregåande opplæring. I fjor var det om lag 1 600 elevar som hadde fått eit slikt tilbod.

I 1997 vart det teikna 16 000 nye lærekontraktar, av desse om lag 9 400 nye lærekontraktar med rett til 3 års vidaregåande opplæring. I 1996 vart det teikna om lag 17 600 nye lærekontraktar. Av desse vart om lag 7000 teikna med søkjarar med slik rett.

Det endelege talet for nye lærekontraktar for 1998 føreligg ikkje enno.

Totalt var det om lag 16 000 søkjarar til læreplass våren 1998.

Fylkeskommunane peikar på ulike faktorar som grunn til at ikkje fleire har fått tilbod om vidaregåande kurs II (VKII)-kurs:

  • søkjarar har trekt søknaden, eller takka nei til læreplass
  • søkjarar kan ha takka ja til ein skoleplass dei har fått tilbod om
  • søkjarar har sjølve skaffa læreplass
  • søkjarar til læreplass, særskilt innan studieretning for helse og sosialfag vel allmennfagleg påbygging VKII
  • søkjarar til læreplass ikkje er formidlingsklare, dvs. at dei har for stort fråver eller har stryk i eitt eller fleire fag. Ein del av desse blir til gode å få gå om igjen VKI –kurset eller andre særlige tiltak, utan at dei misser eitt år av retten.
Lagt inn 26. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen