Historisk arkiv

Lilletun deler ut forskningspris til Per Brantzæg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 89/98
Dato 17 september 1998

Lilletun deler ut forskingspris til Per Brantzæg

Statsråd Jon Lilletun delte i dag ut Noregs forskingsråd sin pris for framifrå forsking til professor Per Brandtzæg ved Universitetet i Oslo. Han har i over 30 år arbeidd for å finne ut kva det er som fører til kroniske betennelsar i slimhinnene.

Brandtzæg har lagt ned eit stort arbeid for å gjere denne forskinga kjend og har mellom anna skrive i tidsskrift som Nature og Science. Juryen skriv at han har vore ein uvanleg synleg forskar, sterkt miljøskapande og ein inspirator for kolleger og studenter.

I sin tale sa Lilletun mellom anna:

Det siste året har vore prega av ein intens forskingspolitisk debatt. Eg likar det, sjølv om ikkje alle debattantane er like nøgde med det vi politikarane gjer på området. Debatten skaper blest om forskinga. Ja, den gjer at folk blir medvitne om kor viktig forskinga er for landet og at vi alle må ta eit tak for å sikre dette arbeidet sin plass i samfunnet.
Men det blir mykje snakk om pengar - også frå forskarane si side. Det er kanskje ikkje så rart, om ein opplever at løyvingane går ned og at arbeidsforholda vert verre. Landet treng då også eit nytt løft for forskinga. Men det må også vere mogleg å snakke om forskinga sitt innhald - om kvaliteten i tillegg til kvantiteten.
Lagt inn 12 september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen