Historisk arkiv

Lokalisering av Høgskolen i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

103-98
19. oktober

Lokalisering av Høgskolen i Bergen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun støttar Høgskolen i Bergen sitt ønskje om Kronstad som lokaliseringsalternativ for eit nytt høgskolebygg i Bergen. Standpunktet vart kunngjort på ein pressekonferanse i Bergen måndag.

Den siste tida har tre alternativ vore diskutert i høve til ei framtidig samlokalisering av Høgskolen i Bergen: Kronstad-alternativet, Nedre Nygård-alternativet og Damsgård-alternativet. Særleg har dei to første alternativa lokalt vore vurdert som dei mest aktuelle, og det er desse to alternativa departementet no vil konsekvensutgreie.

-Eit så omfattande og kostbart prosjekt vil krevje ei konsekvensutgreiing av dei to aktuelle alternativa. Det må difor takast atterhald om at denne utgreiinga kan avdekkje tilhøve vi i dag ikkje kjenner til, og som kan medføre ein annan konklusjon, seier statsråd Lilletun. Departementet tilrår at Bergen kommune, som ansvarleg styresmakt i denne saka, i samarbeid med Statsbygg førebur å setje i gang ei parallell konsekvensutgreiing av Kronstad-alternativet og Nedre Nygård-alternativet i høve til det gjeldande regelverket på området.

Lagt inn 19. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen