Historisk arkiv

Noregs musikkhøgskole får tildele doktorgrad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 106/98
Dato: 16. desember 1998

Noregs musikkhøgskole får tildele doktorgrad

Noregs musikkhøgskole vil få rett til å tildele doktorgraden innafor områda musikkpedagogikk og musikkterapi, dessutan historiske og samtidsretta oppføringspraktiske program. Dette kunngjorde kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun på eit møte på Musikkhøgskolen i dag. Eit sakkunnig utval har samrøystes gått inn for at Noregs musikkhøgskole bør få slik rett.

Det er enno ikkje bestemt kva grad som skal nyttast ved høgskolen. KUF har gitt Det norske universitetsråd i oppdrag å vurdera ein eigen felles doktorgrad for kandidatar med kunstnarleg-estetisk utdanning. Når denne innstillinga ligg føre vil det fastsetjast kva grad og tittel som skal nyttast ved Noregs musikkhøgskole.

-Eg er svært glad for at Noregs musikkhøgskole får høve til å tildele doktorgraden, seier statsråd Jon Lilletun. Høgskolen held eit svært høgt nivå, både nasjonalt og internasjonalt. Det er difor heilt naturleg at høgskolen får høve til å tildele doktorgrad for i endå større grad å vere den spydspissen innan norsk musikkutdanning den er meint å vere, seier Lilletun.

Lagt inn 16. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen