Historisk arkiv

Noregsnettrådet oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 31/98
Dato: 17. april 1998

Noregsnettrådet oppnemnt

Noregsnettrådet vart fredag oppnemnt i Statsråd.

Noregsnettrådet skal vere eit rådgjevingsorgan på område der departementet skal ta avgjerder om høgre utdanning, mellom anna med grunnlag i lov om universitet og høgskolar og privathøgskolelova. Det var i mars i fjor at Stortinget gjorde vedtak om å opprette rådet.

Noregsnettrådet skal i følgje mandatet vere rådgivande for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld den langsiktige utviklinga av høgre utdanning i Noreg, særleg når det gjeld sektorovergripande og nasjonale forhold. Rådet skal gi tilråding om problemstillingar knytte til Noregsnettet, trekkje opp retningsliner for kvalitetssikringsarbeidet innan høgre utdanning og sørgje for fagleg vurdering av søknader om eksamensrett etter privathøgskolelova.

Noregsnettrådet kan etter vedtak i departementet få ansvar for fellesoppgåver og informasjonsoppgåver innan høgre utdanning nasjonalt og internasjonalt. Noregsnettrådet kan forvalte slike fellesfunksjonar, t.d. opptak og leggje til rette for godkjenning av utdanning.

Departementet har fått framlegg til medlemer og varamedlemer frå Det norske universitetsråd, Det norske høgskolerådet, Noregs forskingsråd, private høgskolar og studentorganisasjonane. Fire medlemmer er valde på fritt grunnlag.

Noregsnettrådet har følgjande samansetjing:

MedlemVaramedlem
professor Magnus Rindal, Oslo (leiar)professor Marit Trætteberg, Trondheim
førsteamanuensis Anne Marie Støkken, Kristiansandvaram. blir oppnemnd seinare
rektor Jan Olav Fretland, Lærdalrektor Kari Blom, Bergen
rektor Lisbeth Halse Ytreberg, Tromsø (nestleiar)rektor Irene Dahl Andersen, Sarpsborg
rektor Tove Bull, Tromsøprorektor Jessica Katle, Drøbak
rektor Jan Fridtjof Bernt, Ulsetprorektor Knut Fægri, Oslo
professor Torleiv Austad, Oslorektor Torger Reve, Bærum
student Anne Rygg, OsloMads Gravås, Oslo
student Cecilie P. Øyen, KongsbergHans Christian Nes, Oslo

Medlemer og varamedlemer oppnemnd på fritt grunnlag:

ordførar Sigrunn Hole Hosaas, Bokn
assisterande utdanningsdirektør Alf-Eivind Ljøstad, Arendal
rådmann Asbjørn Mathisen, Steinkjer
sekretariatsleiar Ruth Kleppe Aakvaag, Oslo

varamedlemmer:

  1. rektor Widar Skogan, Meistervik
  2. direktør Berit Mørland, Oslo
  3. direktør Ingjerd Schou, Spydeberg

Medlemene i rådet skal oppnemnast for tre år, med unnatak for studentrepresentantane, som skal oppnemnast for eitt år.

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84 Lagt inn 17. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen