Historisk arkiv

Noregsnettrådet oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 032-98
17. april

Noregsnettrådet oppnemnt

Noregsnettrådet vart fredag oppnemnt i Statsråd.

Noregsnettrådet skal vere eit rådgjevingsorgan på område der departementet skal ta avgjerder om høgre utdanning, mellom anna med grunnlag i lov om universitet og høgskolar og privathøgskolelova. Det var i mars i fjor at Stortinget gjorde vedtak om å opprette rådet.

Noregsnettrådet skal i følgje mandatet vere rådgivande for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld den langsiktige utviklinga av høgre utdanning i Noreg, særleg når det gjeld sektorovergripande og nasjonale forhold. Rådet skal gi tilråding om problemstillingar knytte til Noregsnettet, trekkje opp retningsliner for kvalitetssikringsarbeidet innan høgre utdanning og sørgje for fagleg vurdering av søknader om eksamensrett etter privathøgskolelova.

Noregsnettrådet kan etter vedtak i departementet få ansvar for fellesoppgåver og informasjonsoppgåver innan høgre utdanning nasjonalt og internasjonalt. Noregsnettrådet kan forvalte slike fellesfunksjonar, t.d. opptak og leggje til rette for godkjenning av utdanning.

Departementet har fått framlegg til medlemer og varamedlemer frå Det norske universitetsråd, Det norske høgskolerådet, Noregs forskingsråd, private høgskolar og studentorganisasjonane. Fire medlemmer er valde på fritt grunnlag.

Noregsnettrådet har følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

professor Magnus Rindal, Oslo (leiar)

professor Marit Trætteberg, Trondheim

førsteamanuensis Anne Marie Støkken, Kristiansand

varam. blir oppnemnd seinare

rektor Jan Olav Fretland, Lærdal

rektor Kari Blom, Bergen

rektor Lisbeth Halse Ytreberg, Tromsø (nestleiar)

rektor Irene Dahl Andersen, Sarpsborg

rektor Tove Bull, Tromsø

prorektor Jessica Katle, Drøbak

rektor Jan Fridtjof Bernt, Ulset

prorektor Knut Fægri, Oslo

professor Torleiv Austad, Oslo

rektor Torger Reve, Bærum

student Anne Rygg, Oslo

Mads Gravås, Oslo

student Cecilie P. Øyen, Kongsberg

Hans Christian Nes, Oslo

Medlemer og varamedlemer oppnemnd på fritt grunnlag:

ordførar Sigrunn Hole Hosaas, Bokn assisterande utdanningsdirektør Alf-Eivind Ljøstad, Arendal rådmann Asbjørn Mathisen, Steinkjer sekretariatsleiar Ruth Kleppe Aakvaag, Oslo

varamedlemmer:

  1. rektor Widar Skogan, Meistervik
  2. direktør Berit Mørland, Oslo
  3. direktør Ingjerd Schou, Spydeberg

Medlemene i rådet skal oppnemnast for tre år, med unnatak for studentrepresentantane, som skal oppnemnast for eitt år.

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 17 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen