Historisk arkiv

Ny undersøking om realfagskunnskapar i vidaregåande skole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Presseinvitasjon

Nr. 088-98
Dato 16. september 1998

Ny undersøking om realfagskunnskapar i vidaregåande skole

Tid: Fredag 18. september kl. 10.00

Stad: Regjeringskvartalet, Y-blokka, statsrådens møterom, Akersgt. 44

Ei ny undersøking om realfagskunnskapane hjå elevar i vidaregåande skole vert lagt fram på ein pressekonferanse fredag. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo har på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjort undersøkinga som ei oppfølging av den tredje internasjonale undersøkinga innan utdanning i matematikk og naturfag (TIMSS)frå 1995.

Undersøkinga i denne runden gjeld kartlegging av realfagskunnskapar hjå elevar i siste året i vidaregåande skole i alle studieretningar, og dei som har valt full fordjuping i matematikk.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun vil vere til stades og kommentere undersøkinga.

Vel møtt!

Jon Aarekol

Informasjonsrådgivar

Lagt inn 17. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen