Historisk arkiv

Nye grader ved statlege og vitskaplege høgskolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 117/98
Dato: 27. november 1998

Nye grader ved statlege og vitskaplege høgskolar

Det vart i statsråd fredag fastsett nye grader for nokre hovudfagsstudium ved statlege og vitskaplege høgskolar. Til no har det berre vore universitet og vitskaplege høgskolar som har fått tildele desse gradene.

  • Høgskolen i Agder får rett til å tildele gradene cand. scient. og cand. philol. for kandidatar som tek hovudfagseksamen i matematikkdidaktikk og nordisk språk og litteratur
  • Høgskolen i Østfold får rett til å tildele graden cand. philol. for kandidatar som tek hovudfagseksamen i merkantilt tysk fagspråk
  • Noregs handelshøgskole får rett til å tildele graden cand. oecon. for kandidatar ved høgre avdeling som spesialiserer seg innafor samfunnsøkonomi, medan kandidatar med spesialisering innafor bedriftsøkonomiske fag og administrasjon får graden cand. merc.
  • Høgskolane i Bodø og Buskerud får begge rett til å tildele graden cand. merc. til kandidatar som tek eksamen i økonomisk-administrative hovudfag
  • Noregs idrettshøgskole får rett til å tildele graden cand. scient. til kandidatar som tek hovudfagseksamen i idrettsvitskap

Bakgrunnen for dei nye gradene ved høgskolane i Agder og Østfold er den innstillinga departementet fekk frå utvalet som vurderte bruken av grader og titlar for hovudfagsstudium ved statlege høgskolar. Utvalet foreslo å innføre tradisjonelle universitetsgrader for dei allmennfaglege hovudfaga som i nivå og innhald er likeverdige med hovudfaga ved universiteta.

Utvalet tilrådde vidare at den høgre bedriftsøkonomiske utdanninga og utdanninga ved høgre avdeling på Noregs handelshøgskole vert samla under ein felles grad. På grunnlag av dette, har Noregs handelshøgskole fått rett til å tildele graden cand. oecon. for kandidatar med spesialisering innafor samfunnsøkonomi.

Kandidatar med spesialisering innafor bedriftsøkonomiske fag og administrasjon ved Norges Handelshøgskole og høgskolane i Bodø og Buskerud får tildele graden cand. merc.

I tillegg til dette, får Noregs idrettshøgskole rett til å tildele graden cand. scient. til kandidatar som tek hovudfagseksamen. Desse kandidatane har inntil i dag fått tittelen idrettskandidat.

Lagt inn 27. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen