Historisk arkiv

Nye studieplassar i vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 038-98
24. april

Nye studieplassar i vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har no tildelt til saman 260 nye studieplassar i den tverrfaglege vidareutdanninga i psykisk helsearbeid. Desse kjem i tillegg til dei vel 580 studieplassane som er i dette eitt-årige studiet i dag. Studieplassane er oppretta gjennom Handlingsplan for helsepersonell. Tildelinga betyr at det blir etablert vidareutdanning i psykisk helsearbeid som nytt studietilbod ved to nye høgskolar: Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen Stord/Haugesund. Dei nye studieplassane betyr òg at dei fleste høgskolane no kan tilby fleire fordjupningstilbod innafor psykisk helsearbeid.

Studieplassane blir oppretta frå hausten 1998 og er fordelte slik:

InstitusjonTal studieplassar
Høgskolen i Agder10
Høgskolen i Bodø20
Høgskolen i Bergen30
Høgskolen i Harstad17
Høgskolen i Hedmark10
Høgskolen i Molde13
Høgskolen i Oslo50
Høgskolen i Sogn og Fjordane10
Høgskolen i Stavanger5
Høgskolen i Sør-Trøndelag5
Høgskolen i Telemark5
Høgskolen i Tromsø10
Høgskolen i Vestfold12
Høgskolen i Østfold15
Høgskolen i Nord-Trøndelag15
Høgskolen Stord/Haugesund25
Diakonhjemmets høgskolesenter8
Sum260

Informasjonskontoret, Boks 8119 Dep., 0032 Oslo, telefax 22 24 95 44
Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 24. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen