Historisk arkiv

Nye studieplassar innan IT, psykologi, sjuke- og vernepleie

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 30/98
Dato: 16. april 1998

Nye studieplassar innan IT, psykologi, sjuke- og vernepleie

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har no tildelt til saman 577 nye studieplassar innan IT, psykologi, sjukepleie og vernepleie. Studieplassane innan IT og psykologi vart avsett på statsbudsjettet for 1998, medan studieplassane innan sjukepleie og vernepleie vart oppretta gjennom Handlingsplanen for helse- og omsorgspersonell. Studieplassane er fordelt ut frå regionale behov for helsepersonell, og det er lagt vekt på å tilby dei desentralisert, slik at flest mogeleg får høve til å ta utdanninga nær heimstaden. Denne tildelinga betyr at det blir oppretta studieplassar innan vernepleie ved tre nye høgskolar; Høgskolen i Agder, Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Sogn og Fjordane.

-Tildelingane av nye studieplassar i denne omgangen er eit løft innan utdanningar der det er dokumenterte behov, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar. -Vi er særleg glade for å kunne tilby nye studieplassar i regionar der det er særskilte behov. I denne smanhengen kan vi t.d. vise til at 20 prosent av dei nye studieplassane innan sjukepleie går til Nord-Noreg, seier Lilletun.

Studieplassene vert oppretta frå hausten 1998 og er fordelt slik::

Sjukepleieutdanning:

Institusjon

Tal studieplassar

Merknad

Menighetssøsterhjemmet

25

Diakonhjemmets høgskolesenter

25

Desentralisert

Betanien sykepleierhøgskole

10

Høgskolen i Molde

25

15 i Kristiansund

Høgskolen i Sør-Trøndelag

25

Høgskolen i Finnmark

5

Desentralisert til Kautokeino

Høgskolen i Tromsø

30

Desentralisert til Nord-Troms

høgskolen i Harstad

20

Desentralisert

Høgskolen i Bergen

25

Desentralisert

Høgskolen i Hedmark

25

Desentralisert

Høgskolen i Stavanger

15

Opptak i 1999 i Egersund

Høgskolen i Buskerud

20

Sum

250

Vernepleieutdanning:

Institusjon

Tal studieplassar

Merknad

Høgskolen i Harstad

40

Desentralisert

Høgskolen i Sør-Trøndelag

57

Desentralis.i Nord-Trøndelag (Namsos)

og Møre og Romsdal (Molde)

Deltid i Trondheim

Rogaland vernepleierhøgskole

30

Høgskolen i Telemark, Porsgrunn

50

Nyetablering

20 av desse plassane skal tilbyast desentralisert i samarbeid med

Rogaland vernepleierhøgskole

Høgskolen i Sogn og Fjordane - Sandane

30

Nyetablering

Høgskolen i Agder, Arendal

30

Nyetablering

Sum

237

IT-utdanning:

Institusjon

Tal studieplassar

Universitet i Oslo

15

Universitet i Bergen

10

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

15

Høgskolen i Agder

20

Høgskolen i Stavanger

10

Sum

70

Psykologiutdanning:

Institusjon

Tal studieplasser

Universitet i Bergen

12

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

8

Sum

20

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84 Lagt inn 17. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen