Historisk arkiv

Nytt studietilbod innan IT i vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 35/98
Dato: 21. april 1998

Nytt studietilbod innan IT i vidaregåande opplæring

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil opprette eit nytt tilbod innan informasjonsteknologi (IT) i vidaregåande opplæring. Faget vil i første rekkje vere retta inn mot service-delen innan IT-utdanning.

-Vi må skape ei utdanning som både er framtidsretta og slitesterk. Det er eit stort behov for kandidatar og kvalifikasjonar på alle nivå. Derfor vil vi utvikle eit fagtilbod innan IT i vidaregåande opplæring, av mange kalt “IT-vaktmester”, sa kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun då IT vart debattert i Stortinget tysdag.

-Vi ser at det er eit stort behov for kompetanse i informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og eit slikt fag kan vere med på å dekke noko av det behovet det er for denne kompetansen i samfunnet i dag. Det vil finnast ulike modellar for ei slik utdanning, og korleis denne utdanninga konkret skal utformast, vil vi kome tilbake til, seier Lilletun.


Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39, mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 21. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen