Historisk arkiv

Olav Dag Hauge ny domprost i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 118-98
Dato 4. desember 1998

Olav Dag Hauge ny domprost i Oslo

Feltprost Olav Dag Hauge (55) vart i statsråd fredag utnemnt til domprost i Oslo. Hauge har vore feltprost frå 1996.

Olav Dag Hauge har m.a. vore flystasjonsprest på Sola, kallskapellan i Søndre Land prestegjeld, residerande kapellan i Høvik prestegjeld og feltprest for FN-styrkane i Libanon. I perioden 1986-94 var Hauge generalsekretær i Den norske kirkes presteforening og i perioden 1994-96 administrasjonsleiar i Menighetens fellesråd i Bærum.

Tilsetjinga er i tråd med tilrådingane frå dei to kyrkjelydsråda og fungerande domprost.

Lagt inn 4. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen