Historisk arkiv

Ole Chr. Kvarme ny biskop i Borg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 068/98
Dato: 18. juni 1998

Ole Chr. Kvarme ny biskop i Borg

Domprost Ole Chr. Kvarme er i statsråd torsdag utnemnt til ny biskop i Borg. Han etterfølgjer Even Fougner, som har fått avskil i nåde frå 4. august.

Kvarme fekk flest førstestemmer i alle avstemmingsrundar i forkant av utnemninga.

Ole Chr. Kvarme (49) tok teologisk embetseksamen våren 1974 og praktisk- teologisk eksamen hausten 1974. I perioden 1972-74 var han vitskapleg assistent i hebraisk ved Menighetsfakultetet. I 1973 vart han engasjert som bibelomsetjar i Det norske bibelselskap. I perioden 1976 – 81 var Kvarme misjonsprest i Haifa for den norske Israelsmisjon. Frå 1982-86 var han leiar for Caspari Center for Bibelske og Jødiske studier i Jerusalem, dessutan tilsynsmann for den norske Israelmisjon i Israel. I perioden 1986-96 var Kvarme generalsekretær i Det norske bibelselskap, og frå 1996 har han vore domprost i Oslo.

· Borg bispedømme får ein biskop som er svært godt kvalifisert for den jobben han no skal ta over. Den overveldande støtta han har fått syner at han er sterkt ønskt som ny biskop av breie lag innan kyrkja, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar til bispeutnemninga.

Lagt inn 19. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen