Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding
Priv. til redaksjonen

008-98
20.02.98

Presseinvitasjon

Internasjonal undersøking om matematikk og naturfag i vidaregåande opplæring (TIMSS)

Tid: Tysdag 24. november kl. 16.00 (tidspunkt for internasjonal lansering)

Stad: Regjeringskvartalet, auditoriet i R5 (D 01371 (underetg.), Akersg. 59, Oslo

Tysdag 24. november blir nye resultat frå den tredje internasjonale undersøkinga innan matematikk og naturfag (TIMSS) offentleggjort. Undersøkinga gir ein oversikt over korleis elevar i det siste året i vidaregåande opplæring gjer det i desse faga.

Undersøkinga er ein av fleire som Noreg deltek i der føremålet er å få vite meir om kunnskapar i og haldningar til naturfag og matematikk hjå norske elevar i eit internasjonalt perspektiv.

Det har til saman vore 45 land med i undersøkinga.

Professor Svein Lie ved Universitet i Oslo er leiar for den norske delen av TIMSS og vil presentere resultata. Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun vil gi kommentarar.

Vel møtt!

Helsing
Jon Aarekol
informasjonsrådgjevar

Informasjonskontoret, Boks 8119 Dep., 0032 Oslo, telefax 22 24 95 44
Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39, mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 20 februar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen