Historisk arkiv

Regjeringa med framlegg om ny opplæringslov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 025-98
3. april 1998

Regjeringa med framlegg om ny opplæringslov

*Privatskolelova blir ført vidare
*Den kristne formålsparagrafen i grunnskolen blir ført vidare uendra
*Bokmåls- og nynorskutgåver av lærebøker og læremiddel skal ut til same tid

Dette er tre av endringsframlegga i framlegget til ny lov om grunnskole og vidaregåande opplæring (Ot. prp. nr. 46 (1997-98) Framlegg til ny lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæring - Opplæringslova) som passerte statsråd fredag. Regjeringa Jagland la våren 1997 fram sitt framlegg til ny opplæringslov, utan at dette blei behandla av Stortinget.

Lovframlegget vil innebere at det blir ei felles lov for både grunnskole, vidaregåande skole og vidaregåande opplæring i bedrift - både for barn, unge og vaksne. På bakgrunn av dei endringar som er skjedd dei siste åra, var det nødvendig med ein gjennomgåande revisjon av opplæringslovverket. Det er tatt omsyn til at både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa har vore gjennom store reformer. Det har og skjedd endringar i rammevilkåra i kommunane og fylkeskommunane - m.a. gjennom at det blei vedtatt ny kommunelov i 1992 som hadde mykje å seie for skolen.

Lovframlegget frå Regjeringa er endra på fleire viktige punkt i høve til framlegget som blei lagt fram for Stortinget i fjor:

  • Regjeringa går inn for at privatskolelova blir ført vidare som ei eiga lov.
  • Grunnskolens kristne formålsparagraf blir ført vidare uendra i ny lov. Dette er i samsvar med Stortinget si behandling av faget kristendom med religions- og livssynskunnskap.
  • Kravet om utgiving av både bokmåls- og nynorskutgåve av både lærebøker og andre læremiddel samstundes blir ført vidare.
  • Reglane om rådgivande folkerøysting om målform i opplæringa blir ført vidare.
  • PP-tenestena sitt ansvar for det systemretta arbeidet på skolen er framheva i lovforslaget.
  • Det blir innført ein særregel som sikrar at korkje elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i driftsstyre for skolen.
  • Det er understreka endå sterkare at det obligatoriske grunnskoletilbodet skal vere gratis.
  • Det blir understreka at elever og foreldre skal ha høve til å uttale seg før skolar blir lagde ned.

Framlegget vil bety at ein no får eit lovverk som fastset dei nasjonale standardane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa - samstundes som det innanfor desse rammene blir opna for lokal handlefridom og fleksibilitet til å utforme eigne løysingar.

Lovframlegget er ei oppfølging av det arbeidet som blei starta opp av opplæringslovutvalet i NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring. Dette framlegget var på høyring hausten 1995 og det kom inn over 500 høyringsuttalalar.

Internett-adresse: linkdoc014005-050007#dochttp://odin.dep.no/repub/97-98/otprp/46/index.htm
linkdoc014005-070245#docFakta-ark

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 3 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen