Historisk arkiv

Regulering av opptak til universiteta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

059-98
28. mai

Regulering av opptak til universiteta

Det vil vere ein opptakskapasitet på om lag 37 800 studieplassar innan høgre utdanning i 1998. Dette er ein auke på 1000 plassar i høve til 1997. Tala inkluderer 310 nye IT-studieplassar som er foreslått i revidert nasjonalbudsjett.

Dette går fram av ein stortingsproposisjon om regulering av opptaket til studium ved universiteta (St prp nr 71 (1997/98)) som passerte statsråd torsdag.

Då talet på søkjarar til høgre utdanning i 1998 er redusert i høve til 1997, vil dei fleste andre søkjarar kunne få tilbod om ein studieplass. Det blir likevel framleis regulering av inntaket til nokre sterkt etterspurde utdanningar.

Allmennfakulteta ved Universitetet i Oslo vil framleis vere lukka. Også allmennfakulteta ved Universitetet i Bergen vil vere lukka, men her reknar Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med at opptakskapasiteten er sett så høgt at dei aller fleste søkjarar vil få tilbod om ein studieplass. Ved Norges teknisk-vitskaplige universitet (NTNU) og Universitetet i Tromsø vil desse fakulteta vere opne, men tilgangen til nokre sterkt etterspurde fag ved fakulteta vil framleis vere regulerte.

Lagt inn 28. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen