Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett: 40 millionar kroner til høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 048-98
15. mai

Revidert nasjonalbudsjett: 40 millionar kroner til høgre utdanning

Regjeringa gjer i revidert nasjonalbudsjett framlegg om ein tiltakspakke til universitet og høgskolar på 40 millionar kroner for 1998. Løyvinga vil særskilt gå til prioriterte forskings- og utdanningstiltak innanfor medisin og informasjonsteknologi (IT). Dette gjeld:

  • 310 nye studieplassar i IT, fordelt med 90 studieplassar på høgre grad og 220 studieplassar på lågare grad (jfr eiga pressemelding)
  • 2,5 millionar kroner til Universitetet i Bergen i samband med kostnader knytta til desentralisering av den kliniske praksisen for medisinarstudentar.
  • 4,5 millionar kroner til Universitetet i Tromsø for å halde oppe studiekapasiteten innanfor medisinutdanninga.
  • 8,5 millionar kroner til Farmasibygget ved Universitetet i Tromsø til innkjøp av utstyr.
  • 4,5 millionar kroner til NTNU til utstyrsinvesteringar ved medisinutdanninga.

Folkegåve til Island

I samband med markeringa i Island i år 2000 av 1000-års-jubileet for innføringa av kristendommen, tilrår regjeringa at det blir gitt ei norsk folkegåve til Island. Etter islandske sagaer let Olav Tryggvason og hans menn i år 1000 byggje ei trekyrkje i Island som ei gåve til islendingane. Regjeringa ynskjer å ta opp att denne gesten ved å gi ein kopi av ei stavkyrkje. Løyvingsframlegget til folkegåva er på 5,5 millionar kroner.

Tiltak for den norske kyrkja

Døvekyrkjelydane har eit økonomisk og rettsleg grunnlag som avvik frå andre kyrkjelydar i landet. Desse kyrkjelydane er basert på frivillige bidrag i tillegg ti tilskot frå staten. For å betre den økonomiske situasjonen til døvekyrkjelydane, gjer regjeringa framlegg om at statstilskottet vert auka med 2 millionar kroner.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga til bispedømma vert auka med 5 millionar kroner for å betre vikardekkinga for prestar.

Auka praksis i allmennlærarutdanninga

Stortinget har bede om at praksisen i allmennlærarutdanninga skal aukast frå 16 til 18 veker, samtidig som det blir stilt krav til praksisen skal vere rettleia. Regjeringa vil leggje fram eit lovforslag om dette, og foreslår å auke løyvinga til statlege høgskolar med 4 millionar kroner.

Auka kapasitet i romingeniørutdanninga

Som eit tiltak for å styrkje rekrutteringa til romingeniørutdanninga, vert det gjort framlegg om å auke kapasiteten på vidaregåande kurs II romteknologi ved Andøy vidaregåande skole frå 12 til 24 elevplassar frå hausten 1998.

Tilskott til utstyr - Reform-94

Tilskottet til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale blei oppretta for å bistå fylkeskommunane med midlar til nødvendige investeringar i samband med Reform 94. Innføringa av reformen er no i avslutningsfasen. Som ledd i det samla finanspolitiske opplegget foreslår regjeringa at det ikkje blir utbetalt tilskott til dette føremålet i 1998.

Lagt inn 15. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen