Historisk arkiv

Skolebyggprisen 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 086/98
Dato: 8. september 1998

Skolebyggprisen 1998

Grunnskolar og vidaregåande skolar vert no invitert til å ta del i ein konkurranse om det beste skoleanlegget, Skolebyggprisen 1998. Prisen skal delast ut årleg. Statsråd Jon Lilletun gjorde greie for skolebyggprisen på ein konferanse om skole og kultur i Trondheim i dag. Prisen er eit samarbeid mellom Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunenes Sentralforbund, Norske Arkitekters Landsforbund og Norsk Form.

Føremålet med prisen er å stimulere arbeidet med å utvikle gode skoleanlegg for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Skoleanlegga kan vere nybygde eller ombygde eksisterande skolar, der anlegget som heilskap vert vurdert.

Forslaga som blir nominerte, skal ha vore i bruk i minst eitt skoleår.

Kommunane og fylkeskommunane som skoleeigar nominerer dei offentlege skolane. Private skolar kan nominere seg sjølve.

Det blir delt ut ein pris til eitt av dei innsende forslaga til skolebyggprisen for året. Prisen for 1998 er på 250 000 kroner. Frist for innlevering av Skolebyggprisen 98 er sett til 15. oktober.


Kontaktpersoner: Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. 22 24 75 00
Underdirektør Johs Wike, tlf. 22 24 79 67

Lagt inn 8. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen