Historisk arkiv

Stortingsmelding om støttesystemet for spesialundervisning: “Eleven i sentrum”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 022-98
27. mars

Stortingsmelding om støttesystemet for spesialundervisning: “Eleven i sentrum”

  • Styrking av PP-tenesta i kommunar og fylkeskommunar frå hausten 1999 med inntil 300 nye fagstillingar, ein auke i fagårsverk på om lag 20 %.
  • Eit treårig praksisretta kompetanseutviklingsprogram frå år 2000.
  • Nedbygging av delar av det statlege kompetansesentersystemet gjennom avgrensing og konsentrasjon av funksjonar og oppgåver.
  • Styrking av læremiddelutviklinga, primært gjennom styrking av Nasjonalt læremiddelsenter.
  • Særskilte tiltak for samisktalande elevar.
  • Forenkling av styringsstrukturen for dei statlege kompetansesentra, med i dag tre styre, til eitt felles nasjonalt styre. Framleis vil det vere eige understyre for hørselssektoren.

Dette går fram av Stortingsmelding nr 23 (1997-98) Om opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov. Den spesialpedagogiske tiltakskjeda og det statlege støttesystemet, som passerte Statsråd fredag.

-Vi ønskjer å desentralisere delar av det statlege kompetanseapparatet for å styrkje kompetansen der elevane er, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar til meldinga. Han understrekar at handlingsretta kompetanse trengst på den enkelte skulen og i det spesialpedagogiske støtteapparatet. -Ei samordna kjede av ulike hjelpeinstansar må kvar for seg ha styrke til å gjere dei oppgåvene dei er sette til, med fokus på eleven og på møtet mellom eleven og læraren, legg statsråden til.

Det treårige praksisretta kompetanseutviklingsprogrammet som blir sett i verk frå år 2000, tek sikte på å

  • styrkje PP-tenesta sin kompetanse på dei områda lokalsamfunna har størst behov for støtte: åtferdsvanskar, lese- og skrivevanskar og samansette lærevanskar. Senter for åtferdsforsking og Senter for leseforsking blir styrka.
  • vri arbeidsprofilen i PP-teneste og statlege kompetansesenter meir i retning av utoverretta rettleiingsarbeid, “systemarbeid”
  • styrkje kontakten og nettverkssamarbeidet mellom statlege kompetansesenter og lokal PP-teneste, og kompetansesentra imellom

Dei tiltaka departementet går inn for, inneber:

  • Små endringar for synshemma, hørselshemma og elevar med store språk- og talevanskar. For desse vil staten halde oppe tilbodet om lag som i dag, med mindre justeringar/ reduksjonar innanfor syns- og språk-/talesektoren med til saman ca 50 årsverk.
  • Heilårs skuletilbod for døve teiknspråkbrukarar blir halde oppe.
  • Meir omfattande strukturendringar for kompetansesenter for sosiale og emosjonelle problem:
    • Nasjonal spisskompetanse på området blir samla ved Senter for åtferdsforsking.
    • Styrking av kompetanse på utagerande åtferd ved kompetansesentra for samansette lærevanskar.
    • Styrkt samarbeid med kompetansesenter innanfor barnevernet og barne- og ungdomspsykiatrien.
    • Rogneby kompetansesenter i Oppland vil bli avvikla som kompetansesenter. Barnevernverksemda ved Rogneby kan vidareførast, dersom Oppland fylkeskommune framleis ønskjer å kjøpe desse tenestene.
    • Lillegården kompetansesenter i Telemark vil bli vurdert innlemma i kompetansenettverket for samansette lærevanskar.
  • Meir omfattande strukturendringar for dei sju kompetansesentra for samansette lærevanskar, med ei gjennomsnittleg nedbemanning på 40 - 50 %, med til saman 185 årsverk, slik at ressursar og kompetanse kjem nærmare brukarene. Desse sentra får slik ei klårare avgrensing av funksjonar enn i dag, men vil og få nye oppgåver for elevar med sosiale og emosjonelle vanskar. Alle sentra vil få felles oppgåver i høve til store samansette. lærevanskar, mellom desse djup psykisk utviklingshemming og lære- og åtferdsvanskar med nevrologiske årsaker. Einskilde senter vil og få spesielle landsdekkjande funksjonar.
  • Sentralt brukerforum blir vidareført.
  • Fagleg eining for PP-tenesta blir vidareført.

Dessutan blir det sett i verk enkelte omorganiseringstiltak, m.a. av den statlege syns- og audiopedagogtenesta i fylka. Det særskilde Nord-Noreg-programmet blir avvikla, men institusjonstiltaka blir i det alt vesentlege halde oppe, og tiltak for samiske brukarar blir styrka. Som for landet elles vil PP-tenesta i landsdelen bli styrka.

Dei aktuelle styrkingstiltaka kostar om lag 130 millionar kroner, av dette går 111 millionar kroner til å styrkje PP-tenesta. Dette blir finansiert ved m. a. nedbygging av kompetansesenter innanfor dei eksisterande økonomiske rammene for kompetansesentra for spesialundervisning.

Stortingsmeldinga ligg på ODIN og har denne Internett-adressa:linkdoc014005-040013#dochttp://odin.dep.no/repub/97-98/stmld/23/

Informasjonssjef Kathrine Kjelland, tlf 22 24 74 09, priv. 67 58 32 39 mobil 91398178
Informasjonsrådgiver Jon Aarekol, tlf 22 24 74 17, priv 22 22 44 84

Lagt inn 27 mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen