Historisk arkiv

Streiken og avvikling av eksamen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.:058-98
28. mai

Streiken og avvikling av eksamen

-Innanfor dei rammer lov og avtaleverket gir, vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet arbeide for at elevar og privatistar i vidaregåande skole i minst mogleg grad blir skadelidande, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein kommentar til AF-streiken. Eg håpar og at streiken kan bli kortvarig, legg han til.

Dersom det viser seg nødvendig, vil KUF setje i verk følgjande tiltak:

  • For elevar i vidaregåande opplæring som mister ein eller fleire eksamensdagar vil KUF gje dispensasjon slik at vitnemål evt. kan skrivast ut på grunnlag av standpunktkarakterar.
  • Streiken kan føre til at elevar som no går på grunnkurs eller vidaregåande kurs I ikkje får dei sluttkarakterar dei ordinært skal ha. Departementet vil opne for at desse elevane kan takast inn til neste trinn/kurs innan vidaregåande opplæring på grunnlag av dei sist gjevne terminkarakterane.
  • For privatistar innan vidaregåande opplæring som ikkje får avvikla dei eksamenar dei er oppmelde til, vil KUF kontinuerleg vurdere korleis ein kan minimalisere konsekvensane. Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for gjennomføringa av eksamen og som er arbeidsgjevarar for dei som er i streik. KUF reknar med at fylkeskommunane set i verk det dei kan av lovlege tiltak for å redusere konsekvensane for privatistane.
  • Streiken kan føre til at elevar og privatistar enten ikkje får eller får på eit forsinka tidspunkt dokumentasjon for vidaregåande opplæring. Departementet vil vurdere nærare kva tiltak som kan setjast i verk for at dette ikkje skal ramme den enkelte for sterkt.
  • For grunnskolen er det teke sikte på at alle elevar som måtte vere ramma av streiken, skal ha fått standpunktkarakterar. I den grad avgangsprøvekarakterar ikkje er sette pga streiken, vil eit vitnemål med standpunktkarakterar reknast som fullverdig.

- Den pågåande transportarbeidarstreiken gjer det vanskelegare for enkelte elevar å komme seg på skolen. Departementet vil minne om at elevane har ein sjølstendig plikt til å gjere det som er mogleg for å komme seg på skolen. Departementet likevel oppmoda skoleeigarane om å gjere det som innan lovlege rammer er mogleg for å leggje til rette for at elevane kjem seg på skolen.

Lagt inn 28 mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen