Historisk arkiv

Utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.116-98
116-98

Utdanning

Vi gjer merksame på følgjande saker måndag:

1. Utgreiing om finansiering av livsopphald under etter- og vidareutdanning
- overlevering av innstilling

Eit utval som har utgreidd korleis livsopphald under etter- og vidareutdanning skal finansierast overleverer sin rapport
måndag 23. november kl. 11.00
på statsrådens møterom, 5. etasje, Y-blokka, Akersgt. 44.

Utvalet har gjennomgått dei generelle reglane i studiefinansieringsordninga med sikte på å tilpasse desse betre til etter- og vidareutdanningsstudentar.

2. Ny OECD-rapport om utdanning

1998-utgåva av rapporten Education at a glance vert gjort offentleg måndag 23. november kl. 17.00. Rapporten vil vere tilgjengeleg på Internett, og pressemelding vil bli sendt ut frå same tidspunkt.

Lagt inn 20. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen