Historisk arkiv

Utdeling av evalueringsprisen 1998

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Presseinvitasjon

Nr. 099-98
Dato 13. oktober 1998

Utdeling av evalueringsprisen 1998

Student- og lærarsamarbeid for å betre kvaliteten på undervisninga

Tid: Onsdag 14. oktober 1998 kl. 14.30

Stad: Høgskolen i Oslo, Pilestredet 52

Statssekretær Svein Helgesen i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil på eit felles arrangement for universitet og høgskolar på Høgskolen i Oslo onsdag overlevere prisen for beste studentevaluering for 1998. Føremålet med prisen er å stimulere universitet og høgskolar til å utvikle gode opplegg for at studentar og lærarar i fellesskap skal betre kvaliteten på undervisninga ved institusjonane.

Prisbeløpet er på til saman 500 000 kroner fordelt på tre prisvinnarar.

Utdelinga skjer i samband med Den 9. nasjonale nettverkskonferansen for universitets- og høgskolepedagogikk ved Høgskolen i Oslo 13. og 14. oktober.

Universiteta og dei vitskaplege, statlege og private høgskolene vart i desember i fjor invitert til å sende inn sine bidrag til konkurransen om evalueringsprisen 1998.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå studentar og tilsette ved Universiteta i Oslo og Tromsø har vurdert dei innkomne framlegga.

Vel møtt!

Lagt inn 13. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen