Historisk arkiv

Første statlege høgskole får doktorgrad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 56/1999
Dato: 2. juli 1999

Første statlege høgskole får doktorgrad

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun gir no Høgskolen i Stavanger som den første statlege høgskolen i landet, sjølvstendig rett til å tildele doktorgrad. I første omgang er retten avgrensa til fagområda petroleumsteknologi og offshoreteknologi.

Vidare arbeider kyrkje-,utdannings-og forskningsdepartementet med premissane for ein fagleg utviklingsprosess og ny og rask vurdering av doktorgradssøknadene frå Høgskolen i Agder (nordisk språk og litteratur) og Høgskolen i Bodø (bedriftsøkonomi med vekt på innovasjon og entreprenørskap). Statsråd Lilletun følgjer dermed opp tilrådinga frå Noregsnettrådet og slår fast at statlege høgskolar skal ha same høve til å tildele doktorgrad som universitet og vitskaplege høgskolar.

Dette er ei historisk endring for dei statlege høgskolane.

- Doktorgradstildeling skal ikkje lenger vere ein eksklusiv rett for visse typar institusjonar, men skal knytast opp til klare kvalitetskriterium, seier Lilletun. – Dei tre aktuelle statlege høgskolane har arbeidd lenge og seriøst med denne saka og har gjennom den faglege vurderingsprosessen i fagkommisjonane og Noregsnettrådet fått mange lovord om kvaliteten på dei omsøkte fagområda. Eg arbeidar med tanke på at vi ved årsskiftet kan ha på plass doktorgradsrett også i Agder og Bodø. Det ligg også an til at Høgskolen i Stavanger kan få utvida retten til å omfatte andre område innanfor sivilingeniørutdanninga, i første omgang informasjonsteknologi.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren er svært glad for at han kan ta ei avgjerd ut frå ei eintydig tilråding frå det breitt samansette Noregsnettrådet, på bakgrunn av innstilling frå tre fagkommisjonar med internasjonal deltaking. Han meiner at dette er viktig og gir avgjerda solid fagleg legitimitet. Statsråden trur dette vil vere eit sterkt pådriv til vidare utvikling ved dei 3 aktuelle høgskolane, men også ein viktig inspirasjon for resten av den statlege høgskolesektoren. KUF peikar på at det no er lagt som ein viktig premiss for seinare vurdering av doktorgradssøknader at det ikkje skal setjast urimelege krav til fagleg breidde. Det skal leggjast avgjerande vekt på kva ein institusjon samla sett kan tilby innanfor det omsøkte fagområdet via eigne krefter og gjennom gjensidige og forpliktande samarbeidsavtalar med andre institusjonar.

Lagt inn 2. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen