Historisk arkiv

Framlegg om nytt forskings- og nyskapingsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 040-1999
Dato: 10. mai

Framlegg om nytt forskings- og nyskapingsfond

Revidert nasjonalbudsjett:

Regjeringa gjer i revidert nasjonalbudsjett framlegg om å opprette eit forskings- og nyskapingsfond frå 1. juli. Fondet skal vere på 3 milliardar kroner og skal finansierast ved sal av statlege aksjar.

Forskingsfondet skal medverke til ei stabil og heilskapleg offentleg finansiering av forsking. Fondet skal kunne finansiere langsiktig grunnleggjande forsking innafor alle sektorar og forsking i gråsonene mellom sektorar. Noregs forskingsråd får ansvaret for å disponere den årlege avkastinga av midlane innafor rammer som er fastsette av regjering og Storting.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun er glad og stolt over at regjeringa no gjer framlegg om å opprette eit forskingsfond: - Eg ønskjer å styrkje forskinga, og tre milliardar i forskingsfondet er eit godt bidrag til heilskapen. Denne heilskapen vil vi kome attende til ved framlegginga av forskingsmeldinga. Eg minner òg om at regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på og vurdere tiltak for å stimulere til auka privat finansiering av forskings- og utviklingsarbeid. Dette utvalet blei oppnemnt 23. april, og vert leda av professor Arild Hervik, Høgskolen i Molde.

Lagt inn 10. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen