Historisk arkiv

Høgskular og universitet får bestemme meir

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 066-99
Dato: 19.08.99

Høgskular og universitet får bestemme meir

Høgskular og universitet skal kunne etablere og leggje ned studietilbod til og med 30 vekttal, dvs opp til mellomfag på cand mag nivå. Ein føresetnad er at institusjonane følgjer dei fastsette rutinene for behovsvurdering, kvalitetssikring og nasjonal samordning.

Dette sa statsråd Jon Lilletun under opningstalen ved Høgskolen i Vestfold torsdag.

-Skal institusjonane kunne hevde seg i konkurransen, må dei ha evne og fridom til å drive omstillings- og nyskapingsarbeid og såleis kunne tilpasse seg endra behov for utdanning regionalt og nasjonalt, sa Lilletun i talen.

KUF går også inn for at universitet og høgskular sjølve skal kunne avgjere om dei skal tilby 30-vekttals studium desentralisert, og at ein institusjon som ikkje har etablert hovudfag skal kunne inngå samarbeid med institusjon som har etablert hovudfag.

Det nye framlegget som Lilletun lanserte i dag har og blitt foreslått av ei arbeidsgruppe med medlemmer frå høgskular, universitet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF). Gruppa leverte si innstilling 9 juli.

Rapporten frå arbeidsgruppa er lagt ut på Internett; linkdoc014005-991148#dochttp://odin.dep.no/kuf/publ/rapporthutd.html

Lagt inn 19. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen